Ny her?

Registrer deg for å samle dine tur-o klipp, delta i vennskapelig konkurranse med venner og kjente og del turopplevelser med andre i vår turblogg.

Ålgård Orientering (Gjesdal)

sesongen er i gang

TURORIENTERING 2021

ÅLGÅRD ORIENTERING

INNBYR DEG TIL TUR OG TRENING I MARKA

NB; Postene på Ramnstoknuten og Lauvnesknuten er satt ut.  De andre områdene vil bli satt ut fortløpende, og innen 26 mars. 

Turopakken/konvoluttene er nå klar og lagt ut på følgende steder:

Magneten Sport, Rema 1000 Opstad.   YX Seven Eleven og Garborgsenteret på Bryne   

Merk:  På utsalgstedene  kan kun turpakker (konvolutter) kjøpes. På nettet kan en i tillegg til turpakker ta ut enkelturer 

Pris. kr 250.- for turopakken på utsalgssteder. På nett:  kr 200,- for turopakken, kr 50,- / kr 25,- for enkelturer.  Alle grønne turer er gratis 

Ålgård Orientering turorientering er eit tilbod til folk i alle aldersgrupper.

Turorientering tek du når du sjølve ønskjer. Velg sjølv  utgangspunkt og dei  postane du vil ta.

Turorientering har kart over:    Hålandskogen – Holmafjellet, Bjerkreim – Røysland/Fjermestad - Melsvatnet – Nesjane – Rauvika – Solås/Flassabekken – Ramnstoknuten/Lauvnesknuten, Dirdal

 

Hålandsskogen er eit skogområde eigd av Jæren-Skoglag. Hålandskogen ligg ca 3 km sør for Ålgård på vegen mot Bryne/Undheim. Veldig lettgått og barnevenlig terreng

Beregn ca 2 timer, 5 km, på rundturen for barnefamilie. Eit par nye stier i år,  der mange av stiane er merka med blå stolper. Postane er forholdsvis lette med  klare ledelinjer.

 

Holmafjellet, Bjerkreim. Dette er heia mellom Fuglestad/Nedrebø og Bue. Nytt turokart for året. Frå Ålgård er det 15 km på E-39 til Søyland. Då tar ein av til venstre og kjører 5 km på Fv 4322 til Fuglestad og parkerer. Turen starter ved infotavla og så følger ein traktorveg langs Fuglestadvatnet til post 41.Terrenget er for det mesta åpent med noko skog i eit par liar og ein god del myrar. Tungt terreng, 310 m stigning, 8 km, ca 4 t med pause

Kulturposter: P 44: Ruin etter høyløe. P 47: Liten varde på Ravlafjellet, 438,52 moh. Ved første brua frå parkeringa vil ein sjå ei fin Jettegryte i fjellsida.

 

Røysland/Fjermestad. Nytt turokart av året. Turogruppa har også her rydda nye stiar og planlagt 2 nye bruer. Ein del stiar som er utydelige er merka med raud/kvite band. Frå rundkjøringa ved Litlehølen(Mega) kjører ein Sandvikvegen til endes. Kjekt nærterreng. Ca 4 km og 1,5 timer

 

Melsvatnet/Klubben. Ligg ved Fv506 mellom Ålgård og Bryne, ca 1 km forbi krysset på Eikeland. Området er kjøpt opp av Jæren Friluftsråd til friluftsformål og det er  lagt til rette parkeringsplass/toalett. Vidare er det opparbeidd  tursti rundt vatnet. For terrenget brukt til turo i år, har o-klubben kvista og renska opp ein del stier. Nokre av desse er litt utydelige men merka med blåe pinner. Det vil også bli satt opp nokre gangbruer over dei blautaste myrpartia

Langs turstien forbi Klubben har me også laga ein grøn tur med 5 lette poster. 3 km, 1 time

Kulturpost: P19: Torvlasteinen, stor stein som har namn etter torvuttak i myra

 

Ramnstoknuten/Lauvnesknuten, Dirdal. Her er fleire valgmuligheter for turen. Enten frå Giljastølen eller Dirdal båthavn. På Giljastølen er det parkering på utvidet del av Giljastølveien. På Dirdal er det parkering ved Dirdal båthavn.                                                -  -  Fra båthavna går ein oppover langs elva og krysser denne på bru etter 400 m. Herfra er det 3 ruter til Ramnstoknuten, sjå kart. NB! Stien opp Mulen er luftig og krevande                            -  Kan også velge å starte på Giljastølen og gå til Ramnstoknuten via Lauvnesnuten, ca 7,5 km. Då starter ein på 400 m høgde og får mindre stigning Må rekna med 3-4 timar heilt fram til Ramnstoknuten. Frå Ramnstoknuten er det bratt ned til Dirdal båthavn, 2 km, anbefalt via Skaret. Beregn ca 1,5 timer på nedstigningen.

Uansett startpunkt, er dette ein heller lang og krevande tur. Men blir belønna med ein flott utsikt på begge toppane. God skilting og godt merka stier. Anbefaler godt vær på turen.

 

Rauvika, Nesjane og Solås/Flassabekken. 3 kart på Ålgård. Grøne turar med lette poster. Rauvika og Nesjane er naboterreng til Røysland/Fjermestad med mest same adkomst dvs at mot Nesjane tar ein av til venstre og kjører Ånundskaret til endes.

Til Solås/Flassabekken tar ein av E-39 ved rundkjøring ved tidl Meieriet og kjører opp mot Gjesdal Idrettspark.

 

Når du skal ut i terrenget bør du ha kartet i ein plastpose for å verna det mot blant anna rifter og fuktigheit.

Postane er i terrenget sett opp med raud/kvite plater merka med nummer og kodebokstav. Nokre av postane er festa til tre eller gjerde.

Registreringa kan gjerast slik

A – Registrering på nettet   Går då inn på turorientering.no, velg klubb Ålgård Orientering og registrer deg som brukar. Viss fleire går saman må kvar einskild registrera seg som brukar.. Her vil ein kunne skrive inn kodane på postane og få oversikt over sine og andre sine oppnådde  poeng til ei kvar tid. I tillegg kan ein skrive turblogg.

B – Registrering med kontrollkort. Kodebokstavane skriv ein ned på vedlagte kontrollkort og sender kortet innan 31 desember til: Kirsten Carlsen, Lauvveien 6, 4330 Ålgård.

Send også inn kortet sjølv om de ikkje har vore innom alle postane. Viss fleire går i følgje kan ein berre skriva opp namna på same kortet.

For dei som har e-mail, hadde det vore fint om de kunne skrive mailadressa på kontrollkortet.

Alle som klarer eit av krava nedanfor er kvalifisert for merke. Desse vil bli utdelt på eigen turokveld i februar. Gi beskjed viss du ikkje har anledning til å møta og ønskjer merke  

 

Minstekrav til merke: Bronse : 175 poeng   Sølv: 350 poeng   Gull:  500 poeng

Ved   5 gangar deltaking:  plakett, bronse

Ved 10 gangar deltaking:   plakett, sølv

Ved 15 gonger deltaking.   plakett, gull

Ved 20 gonger deltaking:   20 års-plakett

Totalt 80 poster som gir 840 poeng         Det er 29. gong vi arrangerer turorientering,.

 

Prisen er i år kr. 250,- (kr. 295,- ved postsending) inklusiv avgift til Orienteringsforbundet.

Har de spørsmål eller synspunkt vedrørende kart, poster o.l. kan de ta kontakt med:

 

Johanna/Harry Breiland, Barliveien 2, 4330 Ålgård   tlf.  92289762  / 93488710

 e-mail:   harry.breiland@lyse.net

Kirsten Carlsen, Lauvveien 6, 4330 Ålgård,tlf.   92687160

e-mail:    kirstencarlsen@lyse.net

 

NB!  Postane ligg ute frå  26. mars til 8. november

NB!I desse tider med coronaviruset, er det anbefalt av Folkehelseinstituttet at vi skal halda oss fysisk aktivie. Turorientering egner seg veldig bra og me følgjer

anbefalingane med hensyn til smittevern om å halda avstand.

 

TA KONTAKT VISS NOKON AV POSTANE SKULLE VERA FJERNA.

 

                 Info: www.okaalgaard.no

                    GOD O-TUR

            HELSING ÅLGÅRD ORIENTERING