Fint i lysløypa

Postet av Tormod Skilag den 17. Okt 2017

Det er kjørt beitepusser i lysløypa i kveld. Ypperlege å gå/jogge nå.  

Skiltet i Kirstenbakken har sett sine beste dager, og er nå bytta ut  ( bilde innfelt)

Hvis du ikkje kjenner historia bak navnet "Kirstenbakkin" så får du ein kjapp info:  Kirsten Larsen hadde mange, mange ,svært aktive år i Tormod. Ei periode var ho løypesjef. Dette var før vi fekk snøscooter. Gjennom heile vinteren stod Kirsten og hakka og spadde for å få fine forhold i bakken der løypa svingar og går opp att frå elvekanten.  Skiltet vart satt opp i 1991 i samband med at ho vart utnevnt til æresmedlem.