QuickRoute

Postet av Førde Idrettslag den 21. Des 2016

Vi teller ned til Romjulsløpet 2. juledag og mimrar litt med å sjå på Isak Bergset si omtale av fjorårets løp.

Han brukar QuickRoute for å vise GPS-sporet på eit orienteringskart. For dei som gjekk glipp av Torodd si demonstrasjon av QuickRoute på premiefesten, finn du heimesida til programmet HER.



Resultat Romjulsløpet den 26. desember

Postet av Førde Idrettslag den 20. Des 2016


Romjulsløpet - det som har vorte ein tradisjon for mange vart gjennomført med rekorddeltaking i førekant av uværet Urd!

Førde IL- romjul2016.pdf

Resultat Romjulsløpet 2016

http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?ev...

Her er lenke til Isak Bergset sitt løp i dag:

http://org.ntnu.no/ogruppa/sportslig/doma/show_map...

Her er mitt spor.
Ser eg har rota vekk ca 40 sek på 7. post og ca 25 sek på mål post.
Elles perfekt løp med god fart.
God romjul.
Mvh
Torbjørn


Dagens vegval av ein veteran:




Premiefest med resultat sprintløp 4. desember kl 16.00

Postet av Førde Idrettslag den 28. Nov 2016

FIL orientering arrangerer premiefest søndag 4. desember kl 16.00 på FIL-huset i Hafstadparken.

Sal av kaffe, brus og kaker. Det vert selvfølgelig premieutdeling og O-bingo.

Dessutan vil Torodd vise litt film og fortelje litt om hvordan han bruker GPS-sporing i orienteringsløp.

Det vert også eit sprintløp i Hafstadparken klokka 15.00. Det vert satt opp to ulike løyper. Dusj og garderobe på FIL-huset.


Premiefestløpet-041216.pdf


Program for legg ut spor på kart:

Søk på QuickRoute / der finn du side for nedlasting av programmet.





O-posten si haustutgåve er klar!

Postet av Førde Idrettslag den 20. Nov 2016

Haustutgåva til O-posten er klar!

Som vanleg er det få bidragsytarar til medlemsbladet vårt, men enkelte er sterkt medverkande til at O-posten no er klar til lesing. Takk til dei!

I tilllegg til rapportar og tabellar som høyrer med i ei slik utgåve, har vi fått eit lengre reisebrev frå Egil og Helge sin tur til Kviterussland, Latvia og WMOC. Dessutan har Torodd ei skildring av sitt eige nattløp på Skilbrei denne hausten. Fleire slike bidrag ønskes til framtidige utgåver av O-posten!

O-posten nr 2 2016.pdf



Samanlagt resultat for nærløpa 2016

Postet av Førde Idrettslag den 16. Nov 2016

Teknisk råd v/Torodd har utarbeidd ferdig liste for Nærløpa 2016.

Denne nærløpsoversikten vil også komme i ei litt enklare utgåve i O-posten som kjem ut om kort tid.

Samanlagt resultat-041016-2016.pdf



Orienteringstrening i gymsalen på Slåtten skule onsdag 9. november.

Postet av Førde Idrettslag den 7. Nov 2016

Orienteringsgruppa har fått tildelt treningstid i gymsalen på Slåtten skule ein del onsdagar kl. 20.00-21.00.

Det blir styrketrening i kombinasjon med o-teknisk trening.

Treninga er primært for ungdom som har delteke på nærløp tidlegare, og er i alderen 12-13 år og oppover. Vi brukar joggesko med lys såle på treningane.

Spørsmål om treninga kan ein stille til Gunnar Gytri (tlf 917 46 767), som tek første treninga.



Nattorientering i Helgåsmarka 2. november

Postet av Førde Idrettslag den 31. Okt 2016

Nattorientering i Helgåsmarka Naustdal onsdag 2. november kl 18, start og mål ved Velteplassen på vegen til Helgås merka frå RV 5.

Lang A-løype 4,1 km, kort A-løype 2,6 km og C-løype 2,0km.


Åsmund og Norvald



Samanlagtliste for nærløpa og Nattløp 2016

Postet av Førde Idrettslag den 27. Okt 2016

Her er lista for deltakinga på Nærløpa i orienteringssesongen 2016.

Statistikken viser eit gjennomsnitt på omtrent 31 deltakarar per nærløp på dei 17 ordinære nærløpa dette året.

Samanlagt resultat-041016-2016.pdf


Nattløp Samla liste-2016-301016.pdf



Natt-O-løp Skilbrei tirsdag 25. oktober med Resultat

Postet av Førde Idrettslag den 23. Okt 2016

Sidan meteorologane no er einige i at den lange godværsperioden ender på onsdag, blir kommande natt-O-løp flytta ein dag fram.

Nytt tidspunkt er: Tirsdag 25. oktober klokka 19.00

Stad: Start ved et verkstedbygg ca. 350 meter, langs E39, sør for avkjøringa til Langeland Skisenter.

Løypelegger Kurt melder om løyper med langstrekk, veivalg og finorientering – og i liten grad våte, seige myrer.

Løpet er siste «terminfestede» nattløp for i år i Førde, dessverre. Onsdag 2.november skal Tambarskjelvar ha sitt nattløp.


Resultat Nattløp Skilbrei-251016.PDF


Resultatliste Nattløp Skilbrei strekktider-251016.pdf


Slik kan det gå med med hove under armen, 9,1 km i terrenget, men det var god trening. Reservelys måtte fram på slutten. Kurt & co var tolmodige å venta med heimebaka bollar og kaffi, det smakte.

Slik kan løpet gjennomførast.






Natt-O-løp Bulingstjørna onsdag 19. oktober kl 19.30

Postet av Førde Idrettslag den 17. Okt 2016

Natt-O-løp ved Bulingstjørna onsdag 19. oktober kl 19.30

Helge har satt opp tre flotte løyper og kan melde om fantastiske forhold i skogen, og tilnærma tørre myrer!


Løypelengder:

A-lang 4,1 km.

A-kort 2,6 km.

C-løype 1,1 km.

Vel møtt!

Resultat Nattløp Skjervane-191016.PDF


PS. Natt-O-løpet neste veke, 26/10, blir flytta frå Høgda til eit nytt område ca 350m sør for Langeland skisenter.
Meir informasjon om dette kjem seinare.


Nærløp med resultat og nattløp onsdag 28. september

Postet av Førde Idrettslag den 25. Sep 2016

Onsdag 28 september har FIL orientering to o-løp på programmet. Med to og ein halv time mellom arrangementa kan ein fint delta på begge løpa.

17.30: Nærløp i Hafstadparken. N- og C-løype. Barn og alle nybyrjarar er spesielt velkomne til ein kjekk sesongavslutning for dei ordinære nærløpa. Gratis deltaking for alle!


Resultat Hafstadparken:

Resultat Hafstadparken 280916.PDF

Resultatliste strektider Hafstadparken-280916.pdf

20.00: Nattløp i Blomlia. Årets første nattløp blir arrangert med Blomlia som arena.

Spor etter ein av deltakarane:



Haustbløyta 2016

Postet av Førde Idrettslag den 25. Sep 2016

Her er resultat frå Haustbløyta 2016

Resultat:

Resultat Haustbløyta-ny-2016.PDF

Strekktider:

Resultatliste Strekktider Haustbløyta-ny- 2016.pdf


Eit vegval frå løpet:



Resultat for nærløpet Hafstadparken 21. september

Postet av Førde Idrettslag den 22. Sep 2016

34 deltakarar stilte til start i den milde haustkvelden i Hafstadparken onsdag den 21. september.

Resultatlista finn du her: Resultat Hafstadparken 210916-RETTA.PDF

Strekktidene finn du på Eventor



Endring av nærløpet 21. september!

Postet av Førde Idrettslag den 15. Sep 2016

Nattløpet ved Angedalen skule 21. september blir erstatta av eit Nærløp i Hafstadparken.

Vi håpar at mange barn, unge, og vaksne vil prøve seg i flotte, sentrumsnære orienteringsløyper denne kvelden.

Oppfordringa er: Ta med ein ven eller nabo denne kvelden, og vis dei kor kjekt orientering er.

Vi sjåast den 21. september i Hafstadparken!



Resultat Nærløp onsdag 14. september Langeland Skisenter

Postet av Førde Idrettslag den 11. Sep 2016

Onsdag 14. september er det klart for sesongens siste ordinære nærløp. Etter dette løpet vil nattløpa overta på onsdagane.

Start fra Langeland Skisenter kl 18.00.

A-løyper på 4,2 km og 3,0 km. C-løype på 2,1 km og Nybyrjarløype på 1,7 km.

RESULTAT:

http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?ev...


Resultat Langeland-140916.PDF

Veivalg til ein av løparane.





Resultat for nærløpet Høgda/Langelandsvatnet nord

Postet av Førde Idrettslag den 7. Sep 2016

I alt 36 deltakarar stilte til start på nærløpet ved Høgda/Langelandsvatnet nord den 7. september.

Resultatliste finn du her: Resultat Langeland nord-070916.PDF

Strekktidene finn du på Eventor.



Nærløp onsdag 7. september kl 18.00 ved Høgda/Langelandsvatnet nord

Postet av Førde Idrettslag den 4. Sep 2016

Velkommen onsdag 7. september til nær o-løp i eit fantastisk terreng. Tenk kor heldige vi er som har slikt fint o-terreng heilt nærme Førde. Nedbør ingen hindring! I dei bratte liene rundt Bekkeholten renn det lett av.

Parkering på vestsida av E39 i nordenden av Langelandsvatnet.

A-løyper på 3,3 km og 2,2 km. C-løype på 2,0 og Nybyrjarløype på 1,5 km.



Resultat for nærløpet i Etterlia 31. august

Postet av Førde Idrettslag den 1. Sep 2016


Nærløpet den siste augustdagen i 2016 vart ein ganske så fuktig affære. Tross heftig regnvêr stilte 24 deltakarar til start.

Biletet viser kartfil m/sporlogg for ein deltakar i løypa A-kort. Strekktidene på Eventor vil nok kunne avsløre kven deltakaren er...

Resultata finn du her: Resultat Etterli-310816.PDF

Alle strekktider finn du som vanleg på Eventor.



O-trolleir på Hodlekve skisenter 9. - 10. september

Postet av Førde Idrettslag den 30. Aug 2016

Orienteringsgruppa i Sogndal IL og Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer barn og ungdom i alderen 8-18 år til o-trolleir fredag 9. - laurdag 10. September.

Sjå heile innbydinga her:

Innbyding o-trolleir på Hodlekve 2016.docx



Foto frå premieutdelinga KM langdistanse 28. august

Postet av Førde Idrettslag den 29. Aug 2016

Bilteta nedanfor viser mange fornøgde KM-deltakarar og KM-vinnarar etter o-løpet KM-langdistanse som Førde IL arrangerte 28. august.

Nedanfor følgjer fleire foto tekne ved premieutdelinga etter orienteringsløpet. Foto: Johan Magerøy og Synnøve Husevåg-Lobben.

Resultatlista finn du her: Resultatliste KM lang 280816.PDF

Andreas Haug vart krinsmeister i klassen H17. Fire små sekund bak kom Torbjørn Os inn på ein god 2. plass. Sindre Hoff inn til KM-klassens 3. plass.


Julie Daling koser seg med tittelen KM-meister i klassen D17.


Elias Bergset (IL Veten) tok sigeren i klassen H15-16, med Trygve Nummedal Os på andreplass.


I klassen H50 vart Harald Hjellbrekke meister. Johan Magerøy på andre plass.



Irene Kroken Bergset (IL Veten) vann klassen D50.



Gynnar Gytri vann i klassen H60. Norvald Ospehaug (IL Tambarskjelvar) vart nr 2 og Edvin Helle (Askvoll og Holmedal IL) kom inn til 3. plass.



Brita Eilertsen Grønli vart meister i klassen D70.



Sven Bergset Langvik (IL Veten) vart vinnar i klassen H13-14. Leif-Inge Jevnlid (IL Veten) og Førde IL sin eigen Vegar Hole på henholdsvis 2. og 3. plass


Thale Eliassen Fink vann klassen D15-16.


Enkelte klassar hadde ikkje KM-status, men medaljar på dei vart det:

Klasse D11-12 og H11-12. Frå venstre: Oscar Eliassen Fink, Anders Scheflo Kvåle, Anja Hole, Sigurd Husevåg-Lobben, Alfred Daling Korsøen, Håkon Grønli og Elias Eliassen Fink.



Klasse D13-16C: Gunhild Daling Korsøen


Knut Even Hole og Anders Mallasvik Os konkurrerte i klassen C-open.



Kjekt å sjå så mange unge og lovende i N-løypa. I tilfeldig rekkefølge: Erik Grønli, Even Erland, Erlend Husevåg-Lobben, Johan Husevåg-Lobben, Elias Eliassen Fink, Truls Wik Tønder, Nikolai Stenseth Langeland og Sindre Wik Tønder.


Nærløp onsdag 31. august kl 18:00 ved Etterlia (Flytta frå Reset)

Postet av Førde Idrettslag den 28. Aug 2016

Nærløpet onsdag 31. august kl 18:00 er flytta til Etterlia!

Følg merking frå Sunde mot Sundsdalen.

Vel møtt til alle!





Resultat KM langdistanse

Postet av Førde Idrettslag den 28. Aug 2016

KM langdistanse vart arrangert i flotte forhold og gode løyper denne søndagen i Etterlia i Sundsdalen. Regnet holdt seg høfleg på avstand denne dagen, og lagde ei fin ramme om arrangementet i den vakre Sundsdalsnaturen.

Arrangørtrioen Yngve Årdal, Marius Dalin og Jostein Fredly hadde lagt opp svært gode løyper som nesten 50 store og små orienteringsløparar deltok i.

Resultata kan du finne her: Resultatliste KM lang 280816.PDF

Eventor finn du også strekktidene til alle deltakarane.



Orientering under Førde Opp

Postet av Førde Idrettslag den 23. Aug 2016

Førde IL Orientering stiller med gate-O-løp som tilleggsaktivitet under Førde Opp. Vi lagar ei enkel, flat løype med start og mål ved Førde Rådhus - ei ekte Råtassløype. Løypa blir tilrettelagt også med tanke på funksjonshemma og rullestolbrukarar. Deltakarane i Førde Opp kan bruka løypa som lett oppvarming i forkant av starten på motbakkeløpet. Bebuarane på Førde mottakssenter er spesielt invitert til å møte opp og prøve orientering.



Nærløp og lagsmesterskap langdistanse no med Resultatliste

Postet av Førde Idrettslag den 20. Aug 2016

Onsdag 24. august arrangerer vi nærløp med LM langdistanse i Kråkenesmarka. Løyper for alle. A-lang løype på ca. 7,5 km.

Start fra kl. 18. Oppmøteplass ved parkeringsplassen til Førde Skisenter/Blomlia.

Velkommen!

RESULTATLISTE OG STREKKTIDER:

Resultat Blomlia LM lang-240816.PDF

Blomlia LM lang Strekktider 240816.pdf




Tambarskjelvar inviterer til nærløp onsdag 17. august!

Postet av Førde Idrettslag den 15. Aug 2016

Denne vekas nærløp er det Tambarskjelvar IL som står for, og dei har følgjande invitasjon:

Orienteringsløp i Naustdal - komande onsdag den 17. august! Start frå kl. 18.00. I Helgåsmarka. Merka frå Naustdalsneset/rv 5.

Løyper for alle!


Helsing Åsmund
-Frå utsetting av postane i går, sundag den 14. august:



Innbyding til ungdomssamling/krinslagssamling i orientering 27. – 28. august

Postet av Førde Idrettslag den 14. Aug 2016

Samlinga startar i Førde laurdag 27. august kl 16.30.

I forkant av samlinga er det mogleg å delta i Førde Opp og også få med seg underhaldninga på scena der mellom andre Iselin Solheim skal syngje. Sjå nettsidene https://fordeopp.no/ .

Samlinga blir avslutta sundag 28. august slik at vi i tide rekk fram til samlingsplass for KM langdistanse i Sundsdalen. Første start der er kl 13.00. Innbyding til KM Lang finn du på Eventor.

NB! Hugs å melde deg på KM langdistanse via laget ditt.

Påmelding til samlinga:

Seinast tysdag 23. august til johan.mageroy@mentor.no eller pr telefon 91 81 95 45.

For heile innbydinga, sjå her: Krinslagssaml Førde august 2016.pdf




Resultat frå nærløpet 10. august

Postet av Førde Idrettslag den 13. Aug 2016

Berre 12 løparar, alle i herreklassane, deltok i nærløpet på onsdag. Dårleg vær må nok ta noe av skulda for det dårlege oppmøtet.

Resultatlista finn du her, strekktidene her. Arrangementinformasjonen ligg også ute på Eventor.



Nærløp onsdag 10. august kl 18:00 ved Digernes med resultat

Postet av Førde Idrettslag den 8. Aug 2016




Haustsesongens første nærløp arrangerast onsdag 10. august kl 18:00.

Følg merking frå Sunde mot Sundsdalen. Frammøte på parkeringsplassen ved lysløypa i Masdalen.

Vel møtt til alle!


12 tøffe o-løparar stilte opp og fekk testa blautmyrane i striregnet.


RESULTAT:

Resultat Digernes100816.PDF

Digernes Strekktider-100816.pdf





Resultat for nærløpa i vårsesongen 2016

Postet av Førde Idrettslag den 31. Jul 2016

Torodd har laga ei oversikt over resultata samanlagt for dei ti nærløpa som vart arrangert før sommarferien.

Ein del o-løparar har delteke i ulike løyper gjennom vårsesongen og er å finne på fleire stader på lista.

LM på Langeland Skisenter er ikkje med i samanlagtlista pga andre klasseinndelingar ved lagsmeisterskap.

Samanlagt resultat-290716-2016.pdf



FJORD-O 2016

Postet av Førde Idrettslag den 18. Jul 2016

Førde IL Orientering med god deltakelse på Fjord-O 2016


Alle resultata finn du på linken til Eventor


http://eventor.orientering.no/Events/Show/5405

To av deltakarane i innspurten siste dag på Emblemfjellet.




Nærløp Masdalskrysset med Resultat

Postet av Førde Idrettslag den 27. Jun 2016

Nærløp onsdag 29. juni kl 18.00, frammøte Masdalskrysset merka frå E39.


Resultat:

Resultat Masdalkrysset-290616.PDF


Strekktider på Eventor:

http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?ev...



Nærløp onsdag 22. juni kl 18.00 i Djupedalen med Resultat

Postet av Førde Idrettslag den 19. Jun 2016

Merka avkøyring frå Riksveg 57 til Bygstad.

Ei A-løype på 5 km og ei A-løype på 3,6 km, C-løypa er 2,2 km og N-løypa er 1,3 km.

NB! Djupedalsvegen er bomveg kr 50.- å betale.

Ekstra sørvis på nærløpet

Start og mål for nærløpet var ved hytta til løypeleggaren, og her vanka det ekstra sørvis til løparane. Eli og Torodd stilte med både kaffe og nysteikte vafler i tillegg til saft og frukt. Sverre og Kristian er tydeleg fornøgde med dette










Resultat onsdag 22. juni 2016.

Løype A-Lang er strekk frå post 9 til 10 annulert.

Resultat Djupedalen-ny-220616.PDF

Strekktider finn du på Eventor.

http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?ev...




Sviktande deltaking på nærløpet i Etterlia

Postet av Førde Idrettslag den 17. Jun 2016

Berre 25 løparar deltok i nærløpet på torsdag. Dumt for alle som ikkje var der, for Yngve hadde lagt gode løyper som delvis gjekk i nesten ubrukt terreng. Resultatlista finn du på filarkivet.



​Nærløpet ved Etterli blir flytta til torsdag 16. juni kl 18.00.

Postet av Førde Idrettslag den 8. Jun 2016

På grunn av Helse Førde-stafetten blir nærløpet ved Etterli i Sundsdalen flytta til

TORSDAG 16. JUNI KL 18.00.

Vi håpar at så mange som mogleg deltek på Helse Førde-stafetten.

Bruk stafetten som ein fin oppkøyring til nærløpet vårt på torsdag ved Etterli!


RESULTAT MED STREKKTIDER PÅ EVENTOR.


Resultat Etterli-ny-160616.PDF



Resultat for nærløpet/LM mellomdistanse ved Langeland Skisenter

Postet av Førde Idrettslag den 8. Jun 2016

Resultatlista viser 36 deltakarar som deltok på nærløpet/LM mellomdistanse ved Langeland Skisenter onsdag 8. juni.

Resultatliste er her: Resultat Langeland Skisenter-NY-080616.PDF

Strekktider finn du som vanleg på Eventor.



Veteranmesterskapet 9.-11. september

Postet av Førde Idrettslag den 7. Jun 2016

Det har komt spørsmål om informasjon om Veteranmesterskapet som Modum o-lag arrangerar 9.-11. september 2016.

nettsidene til Modum o-lag finn du omtale av mesterskapet og nyttig informasjon om blant anna overnatting. Norefjell Ski & Spa på Bøseter har gunstige overnattingstilbud for helga 9- 11 september. Bookingkode : Løp 2016.

Forøvrig har EVENTOR gode linkar med nyttig informasjon om dei fleste o-løpa i sesongen.

Førde IL Orientering har dessverre ikkje høve til å organisere felles transport og overnatting, men oppfordrar interesserte til å snakke saman.



1 Kommentar

Resultat frå nærløpet ved Høgda/Langeland nord, 1. juni 2016

Postet av Førde Idrettslag den 1. Jun 2016

I alt 39 deltakarar stilte til start på nærløpet ved Høgda/Langelandsvatnet nord den 1. juni.

Resultatliste finn du her: Resultat Langeland nord-ny-010616.PDF

Strekktidene finn du på Eventor.



Resultatliste nærløpet Jølster Skisenter 25. mai

Postet av Førde Idrettslag den 25. Mai 2016

I strålande maivær deltok 31 små og store, blide og ivrige orienteringsløparar på nærløpet ved Jølster Skisenter.

Resultatlista finn du her: Resultat Jølster Skisenter-NY- 250516.PDF

Strekktider og resultat finn du på Eventor.


Mange O-løparar kunne prøve på seg dei nye, fine løpsdraktene i solskinnet!



O-trolleir 3.-4. juni på skihytta på Langeland! Påmelding innan 1.juni.

Postet av Førde Idrettslag den 22. Mai 2016

Førde I.L. Orientering inviterer til O-Trolleir på skihytta på Langeland 3.-4. juni

O- TROLLEIR 3.- 4. JUNI

Førde I.L. Orientering inviterer til O-Trolleir på skihytta på Langeland 3.-4. juni

Frammøte på Langeland kl. 17.30.

Denne leiren høver best for aldersgruppa ca. 10 – 14 år.

Vi vil tilpasse samlinga til både dei som er nybyrjarar og dei som har prøvt orientering før, så ved påmelding er det fint om du oppgjer alder og om barnet har erfaring med orientering.


P R O G R A M

FREDAG 3. JUNI

17.30 Innkvartering og registrering

18.00 Instruksjon og enkle orienteringsøvingar

19.00 Pizza og brus (vi kosar oss)

20.00 Sosialt samver med o-bingo og andre leikar og spel

LØRDAG 4. JUNI

09.00 Frukost og opprydding

10.00 Leikar ute

11.00 Vi prøver oss på ei enkel orienteringsløype

12.30 Heimreise


Husk å ta med: Ekt-brikke og kompass(dei som ikkje har, får låne), treningskle, regnkle og

støvlar, sovepose, handkle og toalettsaker.

Foreldre eller andre vaksne er sjølvsagt også velkomne.

Husk å oppgje om de har noko matallergi ved påmelding

Påmelding: Til harald.olav.hjellbrekke@enivest.net tlf 97712051 innan onsdag 1.juni

Helsing Førde I.L. Orientering


Invitasjonen finn du også her: O-TROLLEIR 2016.doc



Nærløp onsdag 25. mai kl 18:00 ved Jølster Skisenter

Postet av Førde Idrettslag den 22. Mai 2016

Oppmøte på grusbanen ved nedre skiheisstasjon – der langrennsløypene starter.

Ei A-løype på 4,4 km og ei A-løype på 3,3 km, C-løypa er 1,9 km og N-løypa er 1,4 km.

Mange og høge gjerder i terrenget, men med fornuftige veivalg unngår du gjerdene. Vel møtt.




Resultat fra Sunnfjordorienteringa den 21. mai 2016

Postet av Førde Idrettslag den 21. Mai 2016

Resultat frå Sunnfjordorienteringa 2016 finn du no her: Resultatliste-sunnfj-orienteringa-210516.PDF

Alle resultat, med strekktider, finn du på Eventor.



AVLYST! Nærløpet ved Angedalen skule

Postet av Førde Idrettslag den 12. Mai 2016

Nærløpet ved Angedalen skule den 18. mai blir dessverre avlyst.

Vi håpar at alle møter utkvilte og klare for Sunnfjororienteringa laurdag 21. mai kl 15:00. Staden er Førde Vassverk, Sundsdalen. Oppmøteplass blir merka frå Sunde. Innbyding Sunnfjordorienteringa 2016.pdf



​Resultatliste nærløp sprint Flatene skule 11. mai

Postet av Førde Idrettslag den 11. Mai 2016

På orienteringens dag ble det i strålande maivær arrangert nærløp på Flatene skule.

I alt 38 små og store orienteringsløparar stilte til start. Resultata fin du her: Resultat Flatene Skule-Retta 110516.PDF

Alle strekktider og resultat finn du på Eventor.



Verdens orienteringsdag

Postet av Førde Idrettslag den 8. Mai 2016

Onsdag 11. mai er verdens orienteringsdag. Då arrangerer vi nærløp på Flatene skule. Start frå kl.18.00. Dette blir eit sprint løp, der ein del av løypene går i terrenget og ein del i byggefeltet

Vi har tilbod om 2 sprintløyper på 2,6 km 0g 1,9 km, og 3 enkle råtassløyper for dei yngste og dei som ikkje har prøvd orientering tidlegare.

Vi har og tilbod om innstruksjon og trening






Resultatliste Vieåsen 4. mai

Postet av Førde Idrettslag den 4. Mai 2016

Resultata frå nærløpet i Vieåsen finn du no her: Resultat Vieåsen 040516.PDF

Alle resultat, med strekktider, finn du på Eventor



Nærløp onsdag 4. mai i Vieåsen

Postet av Førde Idrettslag den 2. Mai 2016

Onsdag 4. mai blir det arrangert orienteringsløp for alle interesserte i Vieåsen. Start frå ballbana i Vieåsen kl 18.00. Instruksjon for barn og ungdom.



10 lag i Førdebodstikka 2016

Postet av Førde Idrettslag den 1. Mai 2016

10 lag stilte til start i Førdebodstikka 2016, der 3 av desse var i Ungdomsbodstikka. Enkel orientering i Hafstadparken med ope og lettløpt terreng gav stor fart og raske tider. Beitet med Andreas Haug og Asgeir Årdal vart rått parti mot dei andre i feltet. Dei vann Førdebodstikka, om ikkje direkte suverent, så i alle fall med god margin til neste lag. I Ungdomsbodstikka var duoen Leif-Inge Jevnlid og Sven Langvik dei raskaste. Beste etappetid i den kortløypa på 1,2 km hadde Trobjørn Os med 5:00 minutt, medan Elias Bergset var raskast i langløypa på 2,2 km med tida 11:00.

Resultat med etappetider her.



Førdebodstikka 2016 med 10 lag

Postet av Førde Idrettslag den 1. Mai 2016

10 lag stilte til start i Førdebodstikka 2016, med tre av laga i Ungdomsbodstikka. Lett orientering og ope, lettløpt terrng gav raske tider. Beitet Andreas Haug og Asgeir Årdal vann klart i Førdebodstikka, medan duoen Leif Inge Jevnlid og Sven Langvik Frå IL Veten vann Ungdomsbodstikka. Best tid i den korte etappen på 1,2 km hadde Torbjørn Os, med 5:00 minutt. I den lange etappen på 2,2 km var Andreas Haug raskast med tida 11:35

Resultat med etappertider på Filarkivet.




Resultatliste frå nærløpet ved Førde Ungdomsskule 27. april

Postet av Førde Idrettslag den 27. Apr 2016

33 løpere stilte til start på nærløpet ved Førde Ungdomsskule den 27. april.

Resultatlista finn du her: Resultat Førde Ungdomsskule 270416.PDF

Resultata, med strekktider, vil bli lagt ut på Eventor så fort dei er klare.



Resultatliste frå nærløpet ved Viebøen barnehage 20. april

Postet av Førde Idrettslag den 20. Apr 2016

I lett regnver stilte totalt 41 deltakarar til start på nærløpet som gjekk ved Viebøen barnehage onsdag 20. april.

Resultatlista finn du her: Resultat Vieåsen Syd 200416.PDF

Resultata, med strekktider, er lagt ut på Eventor



Nærløp Sprint Viebøen barnehage 20.april

Postet av Førde Idrettslag den 19. Apr 2016

Det vert orientering i Førde onsdag 20. april. Start og mål frå Viebøen barnehage i Førde. Sprintløp. Løyper på 2,7 og 2,0 km, samt løype for nybyrjarar. Instruksjon for nybyrjarar. Start frå kl 18.00.


Førdebostikka 1. mai kl. 13:00

Postet av Førde Idrettslag den 17. Apr 2016

Førdebodstikka 2016 går som nærløp 1. mai, med fellesstart kl. 14:00.

Kart og arena: Hafstadparken

Løpsleiar og løypeleggar: Egil Nestande

TD: Johan Magerøy

Førdebodstikka er ein ”2-mannsstafett” med 4 etappar. Løparane på kvart lag spring 2 etappar kvar. Førdebodstikka er open for alle som kan springe stafett, dvs. løparar som er 11 år eller eldre. Tilbod om individuell N-løype for dei som ikkje kan springe stafett. Heile innbydinga finn du her!


Sprintløp i Askvoll laurdag 16. april

Postet av Førde Idrettslag den 14. Apr 2016

Askvoll og Holmedal IL inviterer til fartsfylt sprintløp i spennande, sentrumsnært miljø. Start og mål i Askvoll sentrum. Sjå innbyding her: Sprintlop_16_april_2016.pdf

For påmelding kontakt Harald (harald.olav.hjellbrekke@enivest.net), gjennom Eventor eller direkte til Edvin Helle (edvin@siehelle.no)



Bra deltaking på sesongstarten i Movika

Postet av Førde Idrettslag den 13. Apr 2016


Trass i konkurranse frå cup-kampen mellom Brann og Førde, var det mange som fann vegen til Movika og vårt første nærløp denne sesongen. Resultatlista viser at 38 løparar stilte opp. Det er nøyaktig samme antal som på opningsløpet i fjor. Dette lovar godt for sesongen framover. Torodd hadde lagt gode, og til dels krevjande A-løyper i eit heller uryddig terreng på grunn av vindfall og tynningshogst.

Her er resultatlista: Resultat Movika 130416.PDF

Resultata, med strekktider, er lagt ut på Eventor.




Sunnfjordorienteringa og Aktivitetsleiarkurs

Postet av Førde Idrettslag den 10. Apr 2016

Her er innbyding til Sunnfjordorienteringa og Aktivitetsleiarkurs. Vonar så mange som råd melder seg på begge deler. Påmeldinga er opna i Eventor.


Innbyding Sunnfjordorienteringa 2016.jpg



O-posten nr. 1 våren 2016 er klart

Postet av Førde Idrettslag den 9. Apr 2016

Vårnummeret av O-posten er klart.

Du finn heile bladet her, eller inni mappa "O-posten" i filarkivet.



O-posten 1-2016 er klart!

Postet av Førde Idrettslag den 9. Apr 2016

Vårnummeret av O-posten er klart. Du finn heile bladet her, eller

i mappa O-posten i filarkivet vårt.Takk for alle bidrag, tips og hjelp. Hilsen Redaktøren!


Kvar går nærløpa i 2016?

Postet av Førde Idrettslag den 25. Mar 2016

Vi har laga eit kart og ei liste som viser kvar du kan finne arena for våre nærløp i 2016-sesongen.

Nattløpa i september og oktober er ikkje tatt med. Følg med på nettsida og vår Facebook-side for nærmare info om nattløpa.





Medlemmer i styre og råd

Postet av Førde Idrettslag den 22. Mar 2016

Stilling

Namn

Adresse

Postnr.

Poststad

Mobil

e-post

Styret:

Leiar

Jon Anders Schei

Kåsen 6D

6812

Førde

902 22 482

jonandersschei@gmail.com

Nestleiar

Kenneth Husevåg-Lobben

Tunavegen 6

6819

Førde

915 40 458

husevaglobben@gmail.com

Styremedlem

Annina Lea Schenker

HiSF

6812

Førde

nelonina@gmail.com

Varamedlem

Torodd Os

Runnaleite 11

6812

Førde

913 95 912

torodd.os@enivest.net

Kasserar:

Egil Nestande

Kvamane 7

6812

Førde

906 22 156

egil.nestande@online.no

Teknisk råd:

Leiar

Torodd Os

Runnaleite 11

6812

Førde

913 95 912

torodd.os@enivest.net

Medlem

Helge Schei

Leabakken

6812

Førde

907 26 290

helge.schei@mentor.no

Medlem

Egil Nestande

Kvamane 7

6812

Førde

906 22 156

egil.nestande@online.no

Trenings-/ rekrutteringsråd:

Leiar

Harald Hjellbrekke

Angedalen

6811

Førde

977 12 051

harald.olav.hjellbrekke@enivest.net

Medlem

Thale Eliassen Fink

Langeberget 4

6812

Førde

482 21 672

thale-fink@hotmail.com

Medlem

Knut Even Hole

Moskog

6819

Førde

902 01 994

knuteh@hotmail.com

Medlem

Annina Lea Schenker

HiSF

6812

Førde

nelonina@gmail.com

Medlem

Asgeir Årdal

Kvietunet 26

6812

Førde

957 76 292

asgeir.ardal@sfj.no

Turorienteringsråd:

Leiar

Kjartan Hauger

Vassenden

6847

Vassenden

915 69 300

kjartan@gmx.com

Medlem

Marius Dalin

Flatabakken 3

6810

Førde

480 46 592

marius.dalin@enivest.net

Medlem

Knut Steinar Lote

Runnaleite 19

6812

Førde

913 47 487

steinar.lote@nrk.no

Medlem

Egil Nestande

Kvamane 7

6812

Førde

906 22 156

egil.nestande@online.no



Terminlista for nærløpa er klar

Postet av Førde Idrettslag den 17. Mar 2016

Terminlista for 2016 er ekstra fyldig: Medrekna Førdebodstikka og Romjulsløpet står det heile 26 nærløp på lista. Av desse er 4 stk. sprintløp i vårsesongen, og 7 stk. nattløp på hausten. I tillegg skal Førde IL Orientering arrangere to K-løp, Sunnfjordorienteringa 21. mai og KM langdistande 28. august. Nytt på terminlista i år er at det på kvart nærløp er lagt inn rekrutteringsaktivitetar med ulike tema (Råtass etter nytt opplegg), slik det vart vedtatt på årsmøtet. Heile lista finn du her.



Årsmøte 2016

Postet av Førde Idrettslag den 24. Feb 2016

FIL-Orientering har i kveld halde årsmøte.


Referat vert lagt ut så snart det er reinskrive og protokoll er underskriven.

Vi takkar dei tillitsvalde som bidrog i fjor for innsatsen, og ynskjer nye tillitsvalde velkomne.


Følgande

Tillitsverv for 2016 ser slik ut:


Styret:

Leiar: Jon Anders Schei

Nestleiar: Kenneth Husavåg-Lobben

Styremedlem Annina Schenker

Varamedlem styret: Torodd Os


Kasserar: Egil Nestande


Teknisk Råd:

Torodd Os, Leiar

Egil Nestande, Lagerleiar

Helge Schei


Trenings- og rekruteringsrådet:

Harald Hjellbrekke, Leiar

Thale Fink

Knut Even Hole

Annina Schenker

Asgeir Årdal


Tur-Orientering:

Kjartan Hauger, Leiar

Egil Nestande

Steinar Lote

Marius Dalin


Revisorar:

Astrid Juklestad

Kurt Grønli


Valkomite:

Tor Christopher Fink, Leiar

Marius Dalin





Forretningsorden og Saksliste til årsmøtet

Postet av Førde Idrettslag den 18. Feb 2016


forretningsorden og saksliste årsmøte 2016.docx

Her er forretningsorden og saksliste til Årsmøtet 24.02.


Mvh

Styret v/leiar



Tiltaksplan 2016

Postet av Førde Idrettslag den 18. Feb 2016

Styret har hatt eit møte og laga eit nytt utkast til tiltaksplanen som vart publisert for nokre dagar sidan.

Denne ligg under "planar" i filarkivet.


På vegne av styret

Jon Anders



Tiltaksplan 2016

Postet av Førde Idrettslag den 16. Feb 2016

Vi har laga utkast til tiltaksplan 2016. Utkastet til tiltaksplan er i stor grad tilpassa aktivitetar vi kan søke om tilskot til. Nærløp og K-løp er derfor ikkje lagt inn i planen. Tiltaksplanen må behandlast og godkjennast på årsmøtet, og skal gå som vedlegg til søknader om støtte frå NOF og ev. SFOK. Du finn utkastet i Filarkivet i mappa "PLanar".



Årsmelding 2015

Postet av Førde Idrettslag den 6. Feb 2016

Årsmeldinga for 2015 er ferdig som utkast til årsmøtet 24. februar.

Du finn meldinga i mappa "Årsmeldingar" i "Filarkivet".

Meldinga inneheld årsrapportar frå alle råda og revidert rekneskap. I tillegg finn du økonomisk analyse av våre viktigaste aktivitetar og forslag til budsjett for 2016. Meldinga med rekneskap og budsjett skal behandlast og godkjennast på årsmøtet.



Innkalling til årsmøte 24. februar kl 19:00

Postet av Førde Idrettslag den 30. Jan 2016

Førde IL Orientering kallar inn til årsmøte 24. februar kl. 19:00

Møtestad: FIL-huset i Hafstadparken

Vanlege årsmøtesaker med m.a.:

- årsmelding og revidert rekneskap

- tiltaksplan og budsjett for 2016

- val av medlemmer til styre og råd

- ev. andre innkomne saker

Saker som skal fremjast på årsmøtet må sendast styret innan 9. februar.