Romjulsløpet 2. juledag kl 12.00 - Vassverket, Sundsdalen med Resultat

Postet av Førde IL Orientering den 15. Des 2018

Resultat Romjulsløpet: 18-Romjulsløpet-2018_261218.pdf

Resultatet er ute på Eventor.

Velkommen til FIL Orientering sitt Romjulsløp!

Innbydinga kan lastast ned her: Førde IL- romjul2018.pdf





Premiefesten på FIL-huset 11. november

Postet av Førde IL Orientering den 12. Nov 2018

Før premiefesten vart det arrangert eit o-løp i området rundt Hafstadparken. Vegar Hole hadde lagt opp fire løyper som sende løparane på kryss og tvers, og viste at dette området egner seg godt til o-løp. Resultatet ser du her: 

Etter o-løpet vart det servering av kaker, kaffe og brus inne på FIL-huset. Samstundes vart pokalar for deltaking på nærløpa delt ut. I tillegg vart det premiering for lagsmeisterskapa i 2018.



O-posten 2018

Postet av Førde IL Orientering den 11. Nov 2018

Haustnummeret av O-posten er klart.  Her finn du oppsummering av årets sesong, med full statistikk for alle nærløp, resultat får våre lagsmesterskap og andre aktivitetar som FIL Orientering har gjennomført i 2018.  I tillegg rapportar frå Hovedløp og O-landsleiren, Vestlandsmesterskapet og ein del andre løp som våre medlemmer har deltatt i denne sesongen. Heile bladet finn du på vårt Filarkiv i mappa O-posten.  



Treningstid på Slåtten skule onsdagar kl 20-21

Postet av Førde IL Orientering den 4. Nov 2018

Førde IL orientering har fått treningstid i gymsalen på Slåtten skule onsdagar kl 20-21.

Vi startar opp onsdag 7.11 kl 20.00

Treninga er for aldersgruppa frå ca 12 år og eldre. Dette er eit tilbod primært for ungdom, men voksne kan også delta!

Om innhaldet: Oppvarming, litt spel, styrketrening med oppgåver og gjennomgang, uttøying.

Helsing treningsrådet



O-løp og premiefest søndag 11. november ved FIL-Huset i Hafstadparken

Postet av Førde IL Orientering den 28. Okt 2018

Etter ein god o-sesong rundar vi av med FIL Orientering sin PREMIEFEST søndag 11. november i Hafstadparken. 

Vi kan avsløre at det er mange som har vore flittige til å delta på nærløpa og lagsmeisterskapa i år, så vi har ein god del premiar å dele ut...

Vi startar kl 1500 med eit o-løp i og rundt Hafstadparken for alle som har lyst til det, med tilgang til garderobe og dusj etterpå. Oppmøte på baksida av FIL-huset mot fotballbana. 
Etter løpet blir det enkel servering og utdeling av premier både for nærløp, lagsmeisterskap og Turorientering. Sjølve premiefesten starter ca kl 1600.

Barn og ungdom til og med 16 år blir tildelt pokal for å ha delteke på 4 eller fleire nærløp.
Løparar frå 17 år og oppover får deltakerpremie om ein har delteke på 12 eller fleire løp. 
Videre vert det premiering av dei som har blitt nr 1, 2 og 3 på lagsmeisterskap i sprint, mellom, lang og natt.
Her er det løypene for A-lang og A-kort, damer/herrer som premieres. Det vert også merkeutdeling for turorientering.

Kanskje vert det også tid til ein runde med O-bingo til slutt?


LM nattorientering i Naustdal onsdag 31. oktober kl 18.00 Med Resultat

Postet av Førde IL Orientering den 28. Okt 2018

Nattløp onsdag 31. oktober kl 18.00 i Naustdal. Følg vegen mot Helgås. Samlingsplass i krysset Helgås/Kletten.    LM natt 2018.pdf

Dette løpet har også status som LM i nattorientering 2018 for FIL Orientering sine løparar. 

Løyper på 3 km og 2 km.

Siden løpet 7/11 er avlyst, vert dette det siste nattløpet denne sesongen.

Vel møtt til alle!



Nattorientering Solheimsdalen onsdag 24. oktober med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 20. Okt 2018

Velkomen til nattorienteringsløp onsdag 24. oktober kl 19.00.

Løpet går frå Solheim i Solheimsdalen. Det er ca 20 minutt køyretid frå
Førde. Løypeleggjar Gunnar er klar med følgjande løyper:

  • C-løype 2 km
  • A-kort 2,4 km
  • A-lang 3,1 km

Det vert oppmoda til litt sosial felleskøyring. Vegen fram blir ikkje
merkt, men det er å køyre opp Solheimsdalen så langt den går, om du kjem
til snuplassen er det litt tilbake.
 
Supert og delvis krevjande terreng for natt!

Resultat: Resultat nattløp 241018.pdf


 
Her er C-løypa, som også viser P-plass langs vegen:

  



Terminliste for resterande nattløp, oppdatert 20/10.

Postet av Førde IL Orientering den 20. Okt 2018

Her er terminlista for nattløpa som gjenstår for 2018-sesongen. Nattløpet 7. november vert dessverre avlyst



Nattorientering Skilbrei Ungdomssenter 10. oktober - Med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 7. Okt 2018

Nattløp onsdag 10. oktober kl 19.00 frå Skilbrei Ungdomssenter.

Løyper: A-lang 4,1 km, A-kort 2,6 km og C-løype 1,3 km.

Resultatliste:

C-løype 1,3 km:
Åsmund Berthelsen 26.29.

A-kort 2,6 km:
Håkon Grønli 37.59,Egil Nestande 1.13.08, Asgeir Årdal (disk)

A-lang 4,1 km:
Andreas Haug 38.14, Gunnar Gytri 40.41, Norvald Ospehaug 1.02.03, Jostein Fredly 1.05.40, Trygve Nummedal Os 1.06.20, Torodd Os 1.10.27, Edvin Helle (disk).

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund! Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Vel møtt!



Oppdatert terminliste nattløpa 2018

Postet av Førde IL Orientering den 2. Okt 2018

Nokre små endringar i terminlista for nattløpa: 

  • Løpet ved Skilbrei ungdomssenter vert arrangert onsdag 10/10.
  • Løpet i Naustdal vert arrangert 17/10. Dette har status som KM Natt.


KM Nattorientering i Naustdal onsdag 17. oktober kl 19.00 med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 2. Okt 2018

Tambarskjelvar IL inviterer til KM natt onsdag 17. oktober kl 19.00 ved Instedalen skianlegg i Naustdal:

 Resultatliste KM-Natt Naustdal 17.10.18.pdf         Innbyding KM 2.pdf



Nattorientering Djupedalen Bringeland 3. oktober - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 2. Okt 2018

Nattløp onsdag 3. oktober kl 19.00 frå Djupedalen Hyttefelt. 

RESULTAT: 

Resultat Nattløp Djupedalen 031018.pdf

Strekktider Nattløp Djupedalen 031018.pdf

Avkøyring frå vegen til Bygstad, ta av første veg til høgre etter flyplassvegen.

Vegen til Djupedalen er bomveg, kr 50,-. Det er mogleg å betale med Vipps.

Løyper: A-lang 4,0 km, A-kort 2,8 km og C-løype 1,3 km (i lett myrterreng.)

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund! Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Vel møtt!



Nattorientering Baubrekka, Moskog onsdag 26. september kl 19.30 med resultat.

Postet av Førde IL Orientering den 23. Sep 2018

FIL Orientering arrangerar natt-O-løp onsdag 26. september klokka 19.30.

Staden er Baubrekka, nord for Moskogkrysset.

Løypeleggjar Knut Even har lagt opp tre løyper:

  • C-løype på 1,8 km
  • A-kort på 2,8 km
  • A-lang på 4,4 km

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund! Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Vel møtt!


Resultat 260918.pdf



Nattorientering Sundsdalen - onsdag 19. september kl 19.30 med resultat.

Postet av Førde IL Orientering den 16. Sep 2018

Hausten er jo full av høgdepunkt, men for orienteringsløparar er nok natt-O-løpa det største! 

Terminlista har åtte løp på onsdagane utover hausten. Nøyaktig tidspunkt for start vil bli gjort kjent på heimesida og Facebook nokre dagar før løpa. O-nattløp Masdalen 19.09.18.pdf

Onsdag 19. september vert det start frå kl 19.30. 

Staden er Naturmøteplassen og lysløypeanlegget i Sundsdalen. Løypeleggjar Helge kan melde om flott terreng, relativt flate og fine trasèar. A-løypene er på omtrent 3,5 og 2,4 km. C-løypa på ca 1,3 km.

På natt-O-løpa kan alle orienteringsløparar med litt o-erfaring møte opp og delta. Ungdom og litt uerfarne kan få løpe to og to. Lykta treng absolutt ikkje å vere i superklassa, men hugs at du skal løpe i mørkret ei god stund... Eit godt tips kan være å ha ei reservelykt i lomma, som ein ekstra tryggleik.

Som regel vert det satt opp tre løyper: A-lang, A-kort og C-løype.

Hugs å møte opp med skjerpa blikk, eit godt kompass og fullada hovudlykter!

Ein liten inspirasjonsvideo til slutt (ekstern link): Nattorientering i Holmenkollen



O-helg i Naustdal 22.- og 23. september

Postet av Førde IL Orientering den 16. Sep 2018

Tambarskjelvar IL inviterar til KM-natt laurdag 22. september og Haustbløyta søndag 23. september.

KM-natt er i Instedalen med start i skianlegget. Start kl. 20.00 eller når det er mørkt nok!

Haustbløyta på søndag er på veg mot Ramsdalsheima på Naustdalsida. Det er merka frå riksveg 5 ved Naustdalstunnelen. 

Påmelding på EVENTOR eller til Åsmund Berthelsen – asmund.berthelsen@icloud.com el. 93237073 innan torsdag den 20. september.

Innbydingar finn du her:

Innbydelse KM-natt.pdf

Innbydelse Haustbløyta.pdf



Nærløp Høgda/Langelandsvatnet 12. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 8. Sep 2018

Velkommen onsdag 12. september kl 18.00 til nærløp i orientering ved Bekkjeholten/Høgda i nordenden av Langelandsvatnet.  

Området her egner seg godt for haustløp, og terrenget her lar regnet som kjem, renne lett av. 

RESULTAT: 17-Resultat Bekkeholten-retta-120918.pdf

Dette er forøvrig det siste nærløpet før natt-o-sesongen startar, så vi håpar mange kjem denne kvelden!

Nærløpa i orientering har løyper som passar for alle, både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved førehandspåmelding til løpet i Eventor.

Kartet som vert brukt er Bekkeholten/Høgda og litt av kartet Bringeland. Samlingsplass blir parkeringsplassen vest for E39 i nordenden av Langelandsvatnet (Førdesida).

Vel møtt til alle!






Nærløp Byrkjeflot/Kinna 5. september - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 1. Sep 2018

Onsdag 5. september er det endeleg premiere på det nye o-kartet Kinna! FIL Orientering har gleda av å ynskje velkomen til nærløp i orientering ved Byrkjeflot/Kinnaheia.

Kinnaheia er ei turperle i eit flott fjellterreng som omkranser Dyttingsvatnet. Dette er eit løp ein ikkje må gå glipp av!

RESULTAT: 16-Resultat Byrkjeflot-050918.pdf

                                                                                                                                                                                                      Foto: H. Mjanger

Løpet har også status som lagsmeisterskap langdistanse.

Start er klar frå kl.17.30 ( spesielt A-lang blir oppfordra til å starte tidleg, og det vert ingen anledning til start i A-lang etter kl 18.30)
AL tek kartet i det dei startar, preparerte kart ligg ved start.
Øvrige får upreparerte kart ved s-plass, deretter ca 10 min å gå motbakke til start. Merking frå sti og inn til start. .

Løypelengder for løpet er: N: 1,4 km, C: 1,8 km, A-kort 3,6 km og A-lang 5,8 km.

Vegen er merka frå krysset Sundsdalen/E39 med O-skjermar. Sjå også kartet/vegvisar:


Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar.
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget.
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!





Nærløp Vasslia/Kråkenesmarka 29. august - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 26. Aug 2018

Resultat: 15-Resultat Vasslia Kråkenesmarka-290818.pdf

Nærløpet onsdag 29. august vert arrangert ved Vasslia/Kråkenesmarka. Vegen er merka frå Askvollkrysset på E39 med O-skjermar. 

Start frå klokka 18.00.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!



Nærløp Angedalen skule 22. august - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 13. Aug 2018

Resultat: 14-Resultat Angedalen skule-220818.pdf

Nærløpet onsdag 22. august går på kartet Grimelandshaug, med Angedalen skule som arena.  Kartmålestokken er 1:7500 (A-løyper) og 1:5000 (C-løype).  N-løypene går på kartet Angedalen skule med målestokk !:3000.  Merk at for A- og C-løypene er det 15-20 minutt å gå til start.


Kartet Grimelandshaug vart laga til den nasjonale O-trollfinalen, som Førde IL arrangerte i 1984. Seinare er kartet digitalisert og oppdatert fleire gonger. Siste oppdatering nå i sommar.

Terreng og løpbarheit: Kartet omfattar eit område med mange terrengtyper, frå flate, opne myrar til bratte skrålier med tette granplantefelt.  Det er enkelte område med steingrunn (bukkemark), som ikkje innbyr til stor fart.  I kombinasjon med tett vegetasjon nærmar dei seg det som i den nye kartnorma blir klassifisert for «kamp». Dvs. område som er nesten upasserbare og som du må kjempe deg gjennom. Fleire plassar ligg det også ein del vindfall (stormfelte tre). På kartet er slike utfordrande område markert slik: 


Løyper:  Nærløpa i orientering har løyper som passar for alle, både nybegynnarar og erfarne o-løparar.  Onsdag 22. august tilbyr vi desse løypene:

  • N-løype for nybegynnarar, 1 km med 9 postar
  • C-løype for litt vidarekomne, 1,9 km med 8 postar
  • A-lang og A-kort for erfarne o-løparar. A-lang 5 km 16 postar.  A-kort 3,2 km 8 postar.

Påmelding på arena løpsdagen, men spar tid ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!





Nærløp Bekkjavatnet 15.august - med resultat!

Postet av Førde IL Orientering den 8. Aug 2018

RESULTAT: 13-Resultat-Bekkjavatnet-150818.pdf

Strekktider: 13-Strekktider Nærløp Bekkjavatnet-150818.pdf

Foto: L. A. Seljeseth

Sommarferien er over for dei fleste av oss og FIL Orientering tar fatt på haustsesongen onsdag 15. august klokka kl 18.00. 

Staden er Bekkjavatnet (Flytta frå Bekkeholten). Samlingsplass ved utløpet av Bekkjavatnet. Som vanleg merka med O-skjermar

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!



Rekruttleir 17. august og O-trolleir 17.-18. august

Postet av Førde IL Orientering den 8. Aug 2018


Førde IL Orientering inviterer til rekruttleir og o-trolleir på Langeland 17.-18. august.

Påmelding innan onsdag 15. august.

Invitasjon som pdf her: O-TROLLEIR 2018.pdf

Leiren er gratis for medlemmer av Førde IL-orientering.



O-helg i Sogndal 31/8-1/9

Postet av Førde IL Orientering den 8. Aug 2018

Fredag 31.08. og laurdag 01.09. blir det arrangert o-leir for barn og ungdom i alderen 8 – 18 år i Sogndal (overnatting i SIL si hytte på Hodlekve).

Den 31.08 blir det vidare arrangert sprintløp i Sogndal sentrum, og 01.09 blir det arrangert KM Lang på Hodlekve.

Sjå invitasjoner under. Håper mange frå Førde kan ta turen til Sogndal!

innbyding_o-leir_sogndal.pdf

sogndalsprinten_2018_-_innbydelse.pdf

km_langdistanse_-_innbydelse.pdf

------------------------------------------------------------------------------------------------------

For vaksne som ønskjer overnatting i hytter på Hodlekve: Sjekk ut Sogndal Skisenter si heimeside

http://www.sogndalskisenter.no/ eller airbnb.



Stolpejakt i Naustdal sentrum

Postet av Førde IL Orientering den 7. Aug 2018

IL Tambarskjelvar melder at de ikkje blir vanleg nærløp onsdag 8. august. Men Ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar inviterer til Stolpejakt i Naustdal sentrum, med frammøte og start ved Naustdal barne- og ungdomsskule mellom kl. 18.00 og 19.00. Du kan bruke smarttelefon eller du får papirkart. Deltakinga kostar ikkje noko. Les meir om Stolpejakt her.

 




Tambarskjelvar inviterer til stolpejakt i Naustdal 8. august

Postet av Førde IL Orientering den 7. Aug 2018


Det vert ikkje vanleg nær-o-løp i morgon, onsdag 8. august. 

Ski- og orienteringsgruppa i Tambarskjelvar inviterer til Stolpejakt i Naustdal sentrum, med frammøte og start ved Naustdal barne- og ungdomsskule mellom kl. 18.00 og 19.00. 

Du kan bruke smarttelefon eller du får papirkart. Deltakinga kostar ikkje noko. Les meir om Stolpejakt her: https://stolpejakten.no/



Nærløp Høgda/Langelandsvatnet nord 27. juni - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 24. Jun 2018

Siste orienteringsløp før sommarferien vert arrangert onsdag 27. juni klokka 18.00. 

12-Resultat Høgda Langeland nord 270618.pdf

Oppmøtestad for løpet er Høgda/Langelandsvatnet nord. 
For dei som ikkje er heilt sikre på staden er dette parkeringsplassen aust for E39 i nordenden av Langelandsvatnet. Plassen er merka med ei pil på kartet nedanfor. (Utsnitt norgeskart.no)


Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!



Nærløp Djupedalen, Bringeland 20. juni - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 16. Jun 2018

Resultat: 11-Resultat-Djupedalen-200618.pdf

Nærløpet onsdag 20. juni vert arrangert ved Djupedalen Hyttefelt. Avkøyring frå vegen til Bygstad, ta av første veg til høgre etter flyplassvegen. Avkøyringa er merka med o-skjermar.

Vegen til Djupedalen er bomveg, kr 50,-. Det er mogleg å betale med Vipps.

Start frå klokka 18.00.

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Vel møtt til alle!




Nærløp Skilbrei ungdomssenter 13. juni - med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 10. Jun 2018

Onsdag 13. juni klokka 18.00 arrangerer o-gruppa orienteringsløp ved Skilbrei ungdomssenter, vel ein kilometer sør for Langeland skisenter. Sjå også etter o-skjermane langs E39.

Resultat: 10-Resultat Skilbrei-retta -130618.pdf

Strekktider A-lang M/K, A-kort M/K: 10-Strekktider Nærløp Skilbrei-A-løyper-130618.pdf

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Velkommen!



Nærløp lysløypa Masdalen torsdag 7. juni - Med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 4. Jun 2018

Resultat her: 09-Masdal Resultat-070618.PDF

OBS, merk dagen: Torsdag 7. juni klokka 18.00 arrangerer o-gruppa orienteringsløp frå lysløypa, Masdalen i Sundsdalen. 

Ta av mot Sundsdalen i krysset E39/Fv482 (Sundsdalskrysset). Vegen er merka med o-skjermar frå E39.  

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar:

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Velkommen!



Nærløp Langeland skisenter onsdag 30. mai - Med resultat

Postet av Førde IL Orientering den 27. Mai 2018

Resultat: Resultatliste Førde IL Nærløp Langeland- 300518.pdf


Onsdag 30. mai klokka 18.00 arrangerer o-gruppa orienteringsløp frå Langeland skisenter. 

Nærløpa i orientering har løyper som passar for for både store og små, nybegynnarar og erfarne o-løparar, og denne gongen tilbyr vi alle løypene frå KM mellomdistanse og Sunnfjordorienteringa!

Velkomen til alle!



Sunnfjord 2-dagers helga 26.- 27. mai

Postet av Førde IL Orientering den 20. Mai 2018

Helga 26. og 27. mai har FIL Orientering gleda av å invitere til KM mellomdistanse og den tradisjonsrike Sunnfjororienteringa. 

Løpet går frå Langeland skisenter, merkt frå E 39 mellom Førde og Sande.

Resultat KM Mellomdistanse: Sunnfjordorienteringa Resultat-260518.pdf


Nytt i år er at Sunnfjordorienteringa på søndag vert arrangert som jaktstart. Link til arrangementa på Eventor her: 

Eventor - KM mellomdistanse: http://eventor.orientering.no/...

Eventor - Sunnfjordorienteringa: http://eventor.orientering.no/...

Invitasjonen finn du også her: Innbydelse.pdf

Påmelding: Eventor eller til: torodd.os@enivest.net innan torsdag 24.mai kl.23.59
(Påmeldingsavgift blir krevd inn i etterkant)
Løparar t.o.m. 16 år: kr. 65,00
Løparar f.o.m. 17 år: kr. 110,00
Tillegg for etterpåmelding kr.20,00





Rapport fra del 1 og 2 av synfaringskurset

Postet av Førde IL Orientering den 15. Apr 2018

DAG 1:

I dag har Førde IL o-gruppa  avholdt del 1 av synfaringskurs over 8 timer. 

Vi har vore 5 deltakarar, Kurt Grønli, Anja Hole, Vegar Hole, Andreas Haug og Knut Even Hole.

I det varme og fine vårværet var vi først på Slåtten skule og oppdaterte kartet i henhold til sprintnormen. Så var vi til Soleide og gjekk over deler av o - kartet Klappene. Her var konklusjonen at ein totalrevisjon med 1- meters laserkurver ville gje best resultat.

-----------------------------------------------------------------------------------------------

DAG 2:


Synfarerkurs del 2 foregikk i fint vær med lærevillige og ivrige deltagere med Bulingstjørna som utgangspunkt.

Økt 1, minstemål og nabonøyaktighet på punktdetaljer  ( steinrik område).
Økt 2, bruk av laserkurver til å finjustere eksisterende kart, bruk av minst mulig hjelpekurver.
Økt 3, egensynfaring og samanligning, samt oppsummering.

Helsing Gunnar Gytri, instruktør



Nærløp sprint Sunde skule onsdag 18. april kl 18.00 -Med resultat!

Postet av Førde IL Orientering den 14. Apr 2018

Det er no utarbeidd eit orienteringskart for området kring Sunde skule. Førde IL si o-gruppe inviterer onsdag 18. april kl. 18.00 til orienteringsløp sprint med oppmøte ved Sunde skule.

Spar tid på løpsdagen ved forhåndspåmelding på løpet i Eventor.

Nærløpa har løyper som passar for alle! 

RESULTAT: 02-Sunde Skule Resultat-180418.PDF




Nærløp i Movika onsdag 11. april -med resultat og bilde

Postet av Førde IL Orientering den 8. Apr 2018

Onsdag 11. april kl. 18.00 startar nærløpssesongen for Førde IL - Orientering.

Som tidligere år starter vi ved Sunnfjord Museum i Movika. Trass i ein noe sein vår er snøen stort sett borte i området, så forholda for o-løp er bra. 

Spar tid på løpsdagen med å melde deg på løpet i Eventor, kan også melde på ved frammøte.

Område i Movika 7. april. Snøen er borte fra store deler av området.

Nærløpa har løyper som passar for alle! 

  • N-løype for nybegynnarar
  • C-løype for for dei som vil prøve seg litt meir i terrenget
  • A-lang og A-kort for dei vidarekommande.

Same sted, klokka 17.30-18.00 startar også O-skulen opp. Dette er eit tilbod til barn født 2007-2011. Sjå informasjonen her: https://orientering.fordeidret...

Velkommen til interesserte i alle aldre!

RESULTAT: 01-Movika Resultat-retta-120418.PDF



Synfaringskurs 15. og 22. april

Postet av Førde IL Orientering den 5. Apr 2018

Vi har venta på at tilhøva skulle bli gode nok til å halde eit synfararkurs internt i klubben. Kurset blir 15 april og 22 april. 

Frammøte 15 april ved ballbana Slåtten skule Kl. 09.30 og slutt 13.30.

Målgruppe: Aktiv ungdom som ynskjer å forbetre kartkunnskapane sine, samt vaksne som ikkje har synfart o-kart tidlegare og som kan tenkje seg å gjere dugnad for o-gruppa.

Invitasjonen finn du her: Innbyding til synfaringskurs for medlemmer av Førde ILm bilde.pdf

-På biletet under ser en ein ung og lovande synfarar i djup konsentrasjon...




O-skule for barn født 2007-2011

Postet av Førde IL Orientering den 5. Apr 2018


O-skulen startar opp onsdag 11 april i Movika kl. 17.30. Den held fram onsdagane fram til 16. mai og vil kvar gong foregå i tidsrommet 17.30-18.00. Det vert i alt 6 frammøte, og det vil lønne seg å delta frå dag 1. Målgruppa er barn som fyller 7, 8 ,9, 10 eller 11 år i løpet av 2018.

Innhaldet i opplæringa baserer seg på leik og instruksjon rundt eit tema som er viktig for nybegynnarar, T.d: fargar, snu kartet rett veg, kartteikn, leielinjer, haldepunkt, kompass. 

O-skulen er alltid ute og alt foregår i kort avstand frå nærløpsarena. Det er fint om foreldrene kan være med barna første dag, for så å trekke seg litt tilbake. Det vil frigjere instruktørane og vonaleg gje ein super kontakt.

Instruktørar: Trygve Nummedal Os, Vegar Hole, Anja Hole og Håkon Grønli. 

Påmelding på e-post til Gunnar Gytri: gunnar.gytri@enivest.net innan 11 april, eller før oppstart i Movika 11/4 kl 17.30.

Deltakaravgift: Kr 300,- Rekruttpakke blir gjeve til nye som melder seg på. Nokre fekk slik pakke i 2017.

Plan for O-skulen finn du her: https://orientering.fordeidret...



Informasjonskvelden 4. april - Kort oppsummering i ord og bilete:

Postet av Førde IL Orientering den 5. Apr 2018

  • Terminlista er klar! Nærløpssesongen startar med Kick-off i Movika onsdag 11/4, og held fram onsdagar både før og etter sommarferien. Prisane for deltaking på løpa er uendra i forhold til 2017-sesongen. Påmelding helst på eventor.orientering.no, men også ved oppmøte på løpsdagen.
  • O-skulen er eit tilbod for barn i 1.-5. klasse. Leik og instruksjon rundt eit tema som er viktig for nybegynnarar. Dette vil foregå i forkant (17.30-18.00) av nærløpa på onsdagane i perioden 11/4-16/5, i alt 6 gongar. Våre eigne juniorløparar er instruktørar. Meir om dette kjem snart her på nettsida. 
  • Sunnfjordorienteringa og Førdebodstikka 26. og 27. mai. Sunnfjordorienteringa er arrangert sidan 1963 og har løyper for både nybegynnarar og mer erfarne o-løparar. 
  • Rekruttleir og O-trolleir 17.-18. august. 
  • Turorientering i perioden mai-oktober. 
  • Innetrening om vinteren.
  • Kvelden vart avslutta med eit lite o-løp i Hafstadparken for dei som ville det!




Terminliste for O-sesongen 2018

Postet av Førde IL Orientering den 4. Apr 2018

Årets orienteringssesong nærmar seg! Onsdag 11. april vert det første ordinære o-løpet arrangert i Movika. Start klokka 18.00. 

Terminlista er lang og innhaldsrik, med flott terreng for både nye og erfarne o-løparar, store og små! 




Info-kveld 4. april på Hafstad Vidaregåande Skule.

Postet av Førde IL Orientering den 23. Mar 2018

Vi inviterer til info-kveld onsdag den 4. april kl 18:00-19:30 i auditoriet på Hafstad Vidaregåande Skule. Inngang er merka med o-skjerm.

Samlinga er open for alle, og vi er svært interessert i å få kontakt med foreldre og nybegynnarar som har delteke på våre nær-o-løp tidlegare, eller som kan tenkje seg å starte med orientering som aktivitet.

Orienteringsgruppa presenterer tilbod for 2018.

Nytt i år er O-skule for aldersgruppa 7-11 år, der 4 av våre mest aktive ungdomar vil være instruktører.

Det blir lagt 2 enkle o-løyper i Hafstadparken, så alle kan få prøve.

Enkel servering.



Sakliste til årsmøte og årsmelding 2017

Postet av Førde IL Orientering den 18. Feb 2018

Sakliste til årsmøte i FIL-Orientering

Årsmelding 2017.pdf


Det vises til innkallingen til årsmøte av 28/01-18

Sted: FIL-Huset

Dato og tidspunkt: 26/2-18 kl 19.00

Sakliste

  1. Godkjenne de stemmeberettigede.

  2. Godkjenne innkallingen, sakliste og forretningsorden.

  3. Velge dirigent, referent, samt 2 medlemmer til å underskrive protokollen.

  4. Behandle årsmelding. Årsmelding 2017.pdf

  5. Behandle regnskap i revidert stand.

  6. Behandle forslag og saker

                   - ingen innkomne saker.

  1. Vedta budsjett.

  2. Foreta valg.


Følgende dokument er lagt ut på nettsida og vil bli delt ut på årsmøtet.

  • Årsmelding ( Årsmelding 2017.pdf  )

  • Regnskap med revisors beretning

  • Styrets forslag til budsjett

  • Valgkomiteens innstilling; vert presentert på årsmøtet.



Med vennlig hilsen

Styret FIL-Orientering



Årsmøte

Postet av Førde IL Orientering den 28. Jan 2018

Innkalling til årsmøte i Førde IL – Orientering


Styret innkaller herved til årsmøte i Førde IL - Orientering.

Årsmøtet avholdes den 26. februar kl. 19.00 på FIL-Huset.

Saker som et medlem ønsker å ta opp på årsmøtet, må sendes styret senest 12. februar til knuteh@hotmail.com .

Det vil bli vanlige årsmøtesaker. Fullstendig sakliste med alle saksdokumenter vil bli gjort tilgjengelig for medlemmene senest én uke før årsmøtet på https://orientering.fordeidret... .

For å ha stemmerett må medlemmet ha fylt 15 år, vært medlem av idrettslaget i minst én måned, og ha betalt kontingenten. Medlemmer under 15 år har møte- og forslagsrett.

Velkommen til årsmøte!

Med vennlig hilsen

Styret Førde IL - Orientering