Fellestur til O-festivalen

Postet av Førde Idrettslag den 7. Jun 2024


Sogn og Fjordane Orienteringskrins inviterer til felles overnatting under O-Festivalen på Lillehammer/Sjusjøen 21-23. juni

SFOK har reservert ei hytte med 20 sengeplassar, stort og flott fellesområde og stove.

Oppfordrar spesielt ungdommen til å være med, og de som skal på HL/OLL, da dette er ein flott måte å prøve seg på litt anna terreng enn kva de er kjent med. Treng de skyss, så sjekk kven som har meldt på, så ordner det seg nok.

Det er og mogleg å stå med bubil/campingvog på plassen.

Link til meir info om hytta HER

Påmelding på Eventor innan 14. juni med link HER

Påmelding til løpa fin de på Eventor

Skund dykk å melde på, dette kan ein ikkje gå glipp av 😊



Utvikfjellet og Askøy

Postet av Førde Idrettslag den 31. Mai 2024

Miner om to arrangement denne helga og neste helg som går utanfor Førde. 

Laurdag 1. juni går Rotekoppen på Utvikfjellet.Start kl 15.00. https://eventor.orientering.no/Events/Show/19282

Helga 8.-9. juni har Hordaland KM på Askøy. Start laurdag kl 1430 og søndag kl 1100. Vi hadde besøk av mange løparar frå Hordaland på vårt vårløp i Førde, og oppfordrar våre løparar til å reise ut og delta på løp andre stader. https://eventor.orientering.no/Documents/Event/41471/1/Innbydelse



O-løp onsdag 22. mai

Postet av Førde Idrettslag den 19. Mai 2024

EKSTRA LØP: Det vert nærløp onsdag 22. mai kl 18.00. Stad: Ulvedalane, dynamittlageret, ca 2 km langs riksveg 13 frå krysset på Moskog. Løyper:  A 4,9 km, B 2,8 km, C 1,5 km og Nybyrjarløype på 1,1 km.
200 meter å gå til start og 100 meter fra målpost til brikkeavlesing på samlingsplass.

Påmelding gjer du her. Det er også høve å melde seg på ved frammøte. 


Minner også om desse kretsløpa i Sogn og Fjordane:

25.-26. mai: Sogndal med løp laurdag og søndag + o-troll leir og ungdomssamling 
29. mai: Sunnfjordorienteringa i Førde
1. juni: Rotekoppen på Utvikfjellet

Du finn meir om arrangementa på Sogn og Fjordane Orienteringskrins sine nettsider. 
Oppfordrar løparar frå Førde om å delta på kretsløp i fylket! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri



Nærløp Naustdal 15. mai

Postet av Førde Idrettslag den 12. Mai 2024

Onsdag 15. mai vert det nærløp i Helgåsmarka i Naustdal. Merka frå brua på rv 5 i sentrum. Start frå kl 18.00. Løyper A-lang 4,1 km, B-løype 2,7 km, C-løype 2,3 km, N-løype 1 km.  Kart: målestokk 1:7500. Utskrift på vassfast papir.

Påmelding på Eventor, ev. ved frammøte. 

NB! Onsdag 22. mai vert det nærløp på Skjervane (frå Moskog mot Vettereinene). Dette løpet står ikkje på nærløpsoversikten. Kjem tilbake med meir info om løypelengder og påmelding. 





54 på nærløp Førde Vassverk

Postet av Førde Idrettslag den 7. Mai 2024

Løypevinnarar 8. mai: A-lang kvinner Margit Sandem Fjellangen, A-lang menn Håkon Grønli, B-kort kvinner Julie Daling, B-kort menn Gunnar Gytri, C kvinner Bodil Ryste, C menn Anders Mallasvik. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.

-------------------------------------------------------------

Onsdag 8. mai er det klart for nærløp i orientering frå Førde Vassverk i Sundsdalen. Løypelengder. A-løype 4,6 km, B-løype 2,7 km, C-løype 1,9 km, N-løype 1,3 km. Ca 10 minutt å gå til start. Det gjer det ein del enklare for arrangør om ein melder seg innan kl 1400 onsdag på Eventor, men det er mogeleg å melde seg på ved oppmøte. Velkomen til alle!

 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri