O-helg i Nordfjord
Postet av Førde IL Orientering den 4. Jun 2023
Denne helga har det vore orienteringshelg i Nordfjord. Det har vore krinsløp både laurdag og søndag, samt o-troll leir og ungdomsleir. Kjekt at fleire unge frå Førde tok del på leirane. Fullstendig resultatlister finn du på Eventor, tar med resultata frå løparane frå Førde på laurdag 3.6:
Resultata for søndag kjem etter kvart på eventor.
170 sprang rakettløype
Postet av Førde IL Orientering den 2. Jun 2023
Førde IL Orientering var på plass under Helse Førde-stafetten torsdag 1. juni. Vi hadde tilbod om rakettløype både på dagtid - for 5. klassingar i Sunnfjord - og på kveldstid under stafetten/barneløpa. Dette var eit populært tilbod, og kring 170 born prøvde seg i løpet av dagen, og tilbakemeldingar er at dei ivrigaste hadde over 20 runder. Tar vi med forelder og andre som følgde borna, var det veldig mange inn om teltet der o-gruppa hadde rigga seg til. Ei fin marknadsføring av o-idretten. Vi fekk delt ut nokre o-brosjyrer og ein fekk positive signal om at nokre vil komme og prøve seg på nærløp.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Godt oppmøte i Naustdal
Postet av Førde IL Orientering den 31. Mai 2023
52 deltakarar stilte til start i Helgåsmarka onsdag 31. mai. Løypevinnarar vart: A-lang kvinner Anja Hole, A-lang menn Mark Purkins. A-kort kvinner Gøril Fristad, A-kort menn Gunnar Gytri. C kvinner Vena Fristad, C menn Anders Mallasvik.
Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.
Neste nærløp vert onsdag 7. juni i Sundsdalen. Det er også lagsmeisterskap langdistanse.
Påmelding gjer du her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
O-troll leir Stryn og Geilo
Postet av Førde IL Orientering den 28. Mai 2023
For dei aller yngste er det to o-troll leirar dei neste helgane. Først er det leir i Stryn 3.-4. juni. Den skjer i samband med to løp i Nordfjord laurdag og søndag.
Helga etter er o-troll leir på Geilo. Den er i samband med 3-dagers løp på Geilo den helga.
Sjå informasjon og bli med. Det kan vere kjekt å reise, og oppleve orientering saman med andre. Og så er det veldig sosialt, og det å bli kjent med løparar frå andre klubbar er ikkje feil :)
Innbydelse Stryn 3 4 juni 2023.pdf
Innbyding til o-troll leir Geilo 9-11 juni 2023.pdf
O-løp Naustdal 31.5.
Postet av Førde IL Orientering den 28. Mai 2023
Nærløp orientering onsdag 31. mai i Naustdal. Merka frå Rv 5 ved Naustdalsbrua. Ca. 4 km langs vegen mot Helgås. Parkering/samlingsplass på parkeringsplass Kvernahushaugane ved vegen mot Helgås. Start og mål ved samlingsplass. 4 løyper: 4,5 km A nivå. 3,5 km A nivå, 2 km C nivå. 1,5 km. N løype. Kart: 1:7500 på vassfast papir. N løype 1: 5000 på vassfast papir. Tambarskjelvar IL er arrangør.
Påmelding på Eventor gjer du her. Også høve til å melde seg på ved start.
Minner også om o-løp i Nordfjord laurdag 3. og søndag 4. juni. Sjå Eventor for innbydelse og påmelding.
NB! Her er det også o-troll leir (7-12 år) Innbydelse Stryn 3 4 juni 2023.pdf
og ungdomsleir (13-25 år) Innbydelse ungdomsleir.pdf
Det er også o-troll leir på Geilo 9.-11. juni. Innbyding til o-troll leir Geilo 9-11 juni 2023.pdf
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri