Orienteringshelg i Førde med Resultat laurdag
Postet av Førde Idrettslag den 10. Mai 2017
"Fint vêr, gode løyper, flott terreng" er oppsummeringa av Sunnfjordorienteringa 2017 i kortversjon.
Kva med deltakinga? Tja,
på det jamne – nøyaktig samme antal deltakarar som i fjor – 44 løparar. Fleire av dei (for) mange klassane med berre
ein deltakar. Positivt likevel at
N-klassen var bra fyldig og nesten størst.
Litt skarp konkurranse var det i H19-klassa der Torbjørn Os kom på topp,
men det skilde berre få minutt mellom dei 4 beste. Ros til løypeleggar Yngve, som hadde utnytta
det detaljrike terrenget til å lage løyper der orientering var viktigare enn
kondisjon og fysisk styrke.
Resultat:
Resultatliste Sunnfordorienteringa 2017.PDF
Resultat Eventor:
http://eventor.orientering.no/Events/ResultList?ev...
Resultat Førdebodstikka og Ungdomsbodstikka:
Resultat Førdebodstkka-FB-210517.pdf
8 lag stilte i Førdebodstikka 2017, medrekna 3 lag i Ungdomsbodstikka. Arrangementet gjekk greitt unna i fint maivêr, men løypene var nok i vanskelegaste laget for dei yngste som deltok i Ungdomsbodstikka. Jamvel drevne løparar hadde sine problem ute i løypene. Førdes 1. lag var nokså suverene i Førdebodstikka, medan IL Veten vann Ungdomsbodstikka.
Førde IL Orientering innbyr til O-helg i Førde 20. og 21. mai. Sunnfjordorienteringa på laurdag og Førdebodstikka på sundag.
Merk at Førdebodstikka, i tillegg til 2-mannsstafetten, også har eit individuelt løypetilbod på N-nivå for alle (H/D open-N).
Arena for begge løpa er Skilbrei Ungdomssenter, og kartet er utsnitt av NM-kartet frå 2014. Sjå løpsinnbydingane: Sunnfjordorienteringa, Førdebodstikka.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag

Nattorientering 8. oktober
06.10.2025

Resultat KM natt
04.10.2025

Nattorientering onsdag 1. oktober
27.09.2025

KM natt og KM lang
26.09.2025

Flott avslutning på nærløpa
24.09.2025

O-løp Slåtten skule 24.9.
21.09.2025