O-skule for barn født 2007-2011
Postet av Førde IL Orientering den 5. Apr 2018

O-skulen startar opp onsdag 11 april i Movika kl. 17.30. Den held fram onsdagane fram til 16. mai og vil kvar gong foregå i tidsrommet 17.30-18.00. Det vert i alt 6 frammøte, og det vil lønne seg å delta frå dag 1. Målgruppa er barn som fyller 7, 8 ,9, 10 eller 11 år i løpet av 2018.
Innhaldet i opplæringa baserer seg på leik og instruksjon rundt eit tema som er viktig for nybegynnarar, T.d: fargar, snu kartet rett veg, kartteikn, leielinjer, haldepunkt, kompass.
O-skulen er alltid ute og alt foregår i kort avstand frå nærløpsarena. Det er fint om foreldrene kan være med barna første dag, for så å trekke seg litt tilbake. Det vil frigjere instruktørane og vonaleg gje ein super kontakt.
Instruktørar: Trygve Nummedal Os, Vegar Hole, Anja Hole og Håkon Grønli.
Påmelding på e-post til Gunnar Gytri: gunnar.gytri@enivest.net innan 11 april, eller før oppstart i Movika 11/4 kl 17.30.
Deltakaravgift: Kr 300,- Rekruttpakke blir gjeve til nye som melder seg på. Nokre fekk slik pakke i 2017.
Plan for O-skulen finn du her: https://orientering.fordeidret...
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL Orientering

NYTT I FØRDE
19.01.2025

Årsmøte tysdag 25. februar kl 1800
15.01.2025

O-løp Værlandet 25.-27. april
05.01.2025

Førde er årets TurO-arrangør i 2024!
03.01.2025

Resultat frå Romjulsløpet.
27.12.2024

O-posten 2024
19.12.2024