Første nærløp etter sommarferien - med resultat
Postet av Førde Idrettslag den 10. Aug 2021
19 løparar stilte til start på løpet i Naustdal onsdag kveld. Resultata finn du her:
-----------------------
Nærløp i Kallandsåsen i Naustdal onsdag den 11.august kl. 18.00. Frammøte Byrkjeland, 1 km forbi Jokerbutikken på Kalland mot Fimland. 10 min å gå til start. Det er merka frå rv 5 ved Naustdaltunnelen.
Det vert vanlege løyper med A-lang og A-kort for menn og kvinner, og C- og N-løyper for menn og kvinner. Løypeleggar er Jan Herstad som melder om kanskje litt tøffe A-løyper med mykje vegval. Det er meinte som ei oppkøyring til KM. Det er flott i Åsen med godt underlag og ope terreng.
Løpet vert arrangert i samarbeid mellom o-gruppene i Tambarskjelvar IL og Førde IL.
Ber om at flest mogeleg melder seg via Eventor, det gjer ein her. Påmelding her:, men det er også mogeleg å melde seg på ved frammøte. Velkomen til alle :)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Idrettens møteplass 27.10.
08.10.2024
Nattorientering onsdag 9.10.
06.10.2024
Kompetansehelg Gardermoen
27.09.2024
KM-natt og Haustbløyta i Naustdal
17.09.2024
Orientering Slåtten skule 18.9.
17.09.2024
O-løp Sunde skule 11.9.
09.09.2024