Resultat Etterlia 29. juni
Postet av Førde Idrettslag den 29. Jun 2022
40 løparar stilte til start i strålande ver på nærløpet onsdag 29. juni. Løypevinnarar vart: A kort kvinner Julie Daling, A kort menn Harald Hjellbrekke, C kvinner Laila Claussen, C menn Alfred Daling Korsøen, A lang menn Håkon Grønli. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.
Førde IL Orientering takk for god innsats i vårsesongen. No blir det ein liten sommarpause, før vi er tilbake med nytt nærløp onsdag 10. august. For dei som ønsker å springe orientering i sommar minner vi om at det ligg ute turorienteringsopplegg - sjå turorientering.no - samt at det finst mange sommarløp å vere med på rundt om i Norge. Slår eit lite slag for Fjord-O som har to løp på Veten i Stryn. Info om det løpet finn du her.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest - #bildeler førde
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.