Romjulsløp 2. juledag - endra 23.12
Postet av Førde Idrettslag den 10. des 2022

Førde IL innbyr til det tradisjonelle Romjulsløpet måndag 26. desember 2022. Første start ca. kl 12.00 (fri start). Frammøtestad: Ulvedalane - mellom Moskog og Holsen. Merka frå E39 Moskog. NB! Grunna snøforhold har ein endra stad for løpet. Løypeleggar har sett postane i skogen 22.12, og melder om gode forhold. Han tilrår bruk av piggsko, sidan 'berg i dagen' er glatte. Det er også komt is på nokre av vatna, men den er ikkje trygg og er ikkje lov å springe på. Vermeldingane ser bra ut, så vi håper mange tar turen!
Løyper: To A- løyper: 3,6 km og 2,6 km. Ei C-løype på 1,2 km (løypelengder korrigert 23.12.)
Klassar: A-Lang H/D, A-Kort H/D og C-Løype H/D
Kart: Ulvedalane. Målestokk 1:7 500, ekv 5.m. Utgitt 2006. Sist revidert 2022.
Påmelding på Eventor eller ved frammøte. Startavgift kr 100. Det er høve til å bruke Vipps.
Vel møtt!
Løpsleiar: Knut Even Hole. Løypeleggjar: Helge Schei.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
O-løp onsdag 16. september
15.09.2026
Nærløp onsdag 9.9 Haugum
04.09.2026
Nærløp Reset 2. september
01.09.2026
Løp Sogndal 5. og 6. september
29.08.2026
Nærløp Eikås 26. august
24.08.2026
KM-helg i Sunnfjord 22-23. aug.
18.08.2026