Kurs i løypeteikning

Postet av Førde IL den 14. Apr 2023


Sogn og Fjordane Orienteringskrins arrangerer digitale kurs i løypeteikning!
Førde IL Orientering oppfordrer alle som er interessert til å delta.

Interesserte melder tilbake til Knut Even Hole; knuteh@hotmail.com, innan måndag 17.4, så tar vi samla påmelding til kretsen. 

"No byrjar o-sesongen å komme i gang og både ferske og erfarne løypeleggarar skal i aksjon framover. Frå krinsen si side vil vi hjelpe klubbane med å halde eit høgast mogleg teknisk nivå på treningar og løp, så om det er interesse for det vil vi arrangere kurs den kommande månaden i løypeteikning på PC for dei som ønskjer å lære eller bli flinkare på dette, og kurs i løypelegging for dei som er uerfarne  løypeleggarar. Dette er ein type kurs som også finst i regi av NOF, men målet er at vi kan få til meir tilpassa opplegg og tettare oppfølgjing ved å arrangere sjølv.

Eg ber om at klubbane tar ein runde internt på kven som kan ønskje å delta frå dokker og gjev ei tilbakemelding, helst innan ei veke, på kva dag/tidspunkt som passar best. Nytt gjerne høvet til å huke tak i foreldre, ungdommar eller andre dokker vil inkludere meir i klubbdrifta og som kan få løypelegging som ein fin veg inn. Under har eg satt opp forslag til datoar, men dette kan vi tilpasse om det passar dårleg.

  • Teikning av løyper i Purple Pen: Torsdag 27.04 eller 04.05 kl. 19-21
    (valfri hjelp til å installere PP onsdag kveld)
  • Løypelegging: Torsdag 11. mai kl. 19-21
    ("heimearbeid" og oppfølgjing etter to veker)

Kursa er i utgangspunktet tenkt å vere digitale (på Teams), men eg er mobil og om nokon heller vi ha det fysisk så skal vi få til det. Berre ta kontakt. Eg legg opp til å starte kursa "frå scratch" så ein treng ikkje noko førehandskunnskap, også tilpassar vi etter nivået på deltakarane og eg er såklart tilgjengeleg for oppfølgjing også i etterkant."

Helsing Jakob Kalvig Skogan, SFOK"


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.