Nærløp Djupedalen 21. juni

Postet av Førde IL den 18. Jun 2023

Onsdag 21. juni vert det nærløp i Djupedalen ved flyplassen kl 18.00. Her er løypelengder som er langdistanse, A-Lang 5,97 km kart 1:10 000, A-Kort 3,93 km kart 1:7500, C-Løype 2,23 km kart 1:7500 og N-Løype 1,33 km kart 1:7500.

Merka frå rv 57, kjem du frå Førde er det først avkøyring etter Flyplassvegen, ca 200 meter ved postkassestativ.  Adressa for arena er Svartetjørnvegen 38 (bildet). Det er bomveg kr 50,-, kan betalast med Vipps. Det er litt avgrensa med p-plassar, men vi får plass til alle :) Nytt dei utkøyringane på vegen som er der. 

Påmelding gjer du enklast på Eventor, men det er og mogeleg å melde seg på ved start. Velkomen til alle! 

NB! TRENINGSLØYPE:  I Helgåsmarka i Naustdal ligg det ute treningsløype. For dei som var med på nærløpet tidlegare i år, er det same parkeringsplass. Der vil ein finne to løyper, ca 2,5 og 3,5 km. Karta ligg i postkasse, så ein forsyner seg og legg dei tilbake etter bruk. 

Siste nærløp før vi sommaren vert onsdag 28. juni i Solheimsdalen. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.