Stor o-aktivitet neste dagane

Postet av Førde Idrettslag den 18. Mai 2025

Mange mogelegheiter til å vere med på orientering dei neste dagane. Bli med. 

Måndag 19. mai: O-trening på Langeland skisenter. mor-O for dei aller yngste, trening for ungdom, og løp med fellesstart for vaksne. Start kl 18.00 (ver der gjerne litt før). Påmelding innan måndag kl 14.00.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Måndagstrening

Onsdag 21. mai: Sunnfjordorienteringa. Støfringsdal, Jølster. Start mellom kl 18.00 og 19.00. Løyper for alle. Påmelding innan tysdag kveld.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Sunnfjordorienteringa 2025

Torsdag 22. mai: Helse Førde stafetten. O-gruppa deltek med rakettløype og stand både på dagtid og kveldstid. Skulle hatt fleire som var med å hjalp til.

Laurdag 24. mai: Breimsbygda arrangerer Rotekoppen på Sårheim, ca 6 km frå Byrkjelo. Start kl 15.00. Fellesstart. Løyper for alle. Påmelding måndag kveld. 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Rotekoppen


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.