Sesongopning onsdag 8. april

Postet av Førde Idrettslag den 4. Apr 2026

Førde IL Orientering sitt første nærløp for sesongen vert onsdag 8. april kl 18.00 i Movika på Sunnfjord Museum sitt område. Registrering og utdeling av kart frå kl 1730.

Løyper for alle - også for dei som ikkje har vore med i orientering før. Området er avgrensa med E39 på eine sida og Movatnet på andre, med gode stiar å følgje.  

Løypetilbod: Nybyrjarløype på 1,4 km, C-løype (har vore med litt før) på 1,5 km. Desse to løypene går i museumsområdet. For litt meir røynde har vi ei B-løype på 2 km, og ei A-løype for dei som vil ha det ekstra krevjande på 3,4 km. A- og B-løypene går i terrenget aust for E39. 

Påmelding: Vi oppfordrar flest mogeleg om å bruke Eventor til påmelding.
Frist der er kl 1400 på onsdag. Det er også mogeleg å melde seg på ved oppmøte.

Parkering: Erfaringsmessig må vi bruke p-plassar på begge sider av E39 (sjå kartet under). Er ein i bil med vaksne, bruk p-plassar på austsida av E39, slik at barnefamiliar kan få parkere på museumsområdet (slepp krysse E39).

Velkomen til alle! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.