Frivillig Førde Rundt 15. august?
Postet av Førde Idrettslag den 6. jul 2026

Bedriftsidretten arrangerer Førde Rundt laurdag 15. august. I fjor deltok det rundt 440 løparar - fordelt på tre løyper. Arrangementet treng fleire frivillige som kan vere med å hjelpe. Er det nokon i o-gruppa som kan vere med som frivillig? Kontakt Knut Even Hole, eller send inn dette skjemaet her: Frivillig
Klubben får inntekter ut frå kor mange som er med å hjelpe til.
Vi har tatt på oss å ordne kiosk denne dagen, så her treng Unn fleire som kan vere med å hjelpe. Bli med på folkefesten i Førde sentrum denne laurdagen - meld deg som frivillig!
Her kan du lese meir om arrangementet: Førde rundt

Logg inn for å skrive en kommentar.