Minneord Harald Wahlquist

Postet av Tormod Skilag den 29. Nov 2015

Harald døde 21.november, 92 år gammal. Harald var æresmedlem og ein Tormodvenn av beste slag. Han var medlem i styret i mange år, og var alltid lett å be når noko skulle gjerast. I dugnadsarbeid var Harald alltid på plass. Rydding av råk, vedlikehald av ymse slag. Ved til badstugu var det Harald som sørga for. Han tok ansvar for å " sjå ette" at alt var på stell .

Han såg det viktige i å halde seg i form. Ivrig deltaker på fellesturane til Trim- /O-gruppa. Og han var alltid fyrst i gang med Tur-orientering om våren. Han oppnådde å få plakett for å ha klart gullkravet 40 gonger. Det er imponerande. Han var også flink til å ta med barnebarna på tur. Han har gjeve dei eit godt forhold til natur og trim vil vi tru. Han var trofast med på herretrimmen. Harald hadde god helse og var sprek og vital til det aller siste. Men den 21.nov sovna han fredeleg inn.

Det var ei fullsatt kyrkje som tok avskjed med Harald fredag 27.november 2015.


Kvil i fred og takk for alt du gjorde for Tormod skilag.

I staden for blomster , ønska familien å gje penger til Tormod skilag. Det sier vi tusen takk for.

Harald med 40 års plakett i tur-orientering i 2013

Haralt i kjent positur. Her blant turvenner på fellestur til Kneppa i 2012



Ein æresmedlem er gått bort

Postet av Tormod Skilag den 30. Jan 2015

Iver Giverhaug f.1920 er død. 94 år gammal.

Vi kan minnes han med eit innlegg fra Tormodposten fra 1994.

Sitat:
" Koløyddin. 30 år i sporet.
Oss har ein kar her i Sorperoa som oss itte har sett i løypa på mange år. Likevel var denne karen den raskaste skiløperen Tormod hadde den tida han var med og konkurrerte. Karen heiter Iver Giverhaug."


Han starta skikarriera si på 1930-talet, og var snart fast deltaker på Tormod-renna. I Tormodposten er det eit bilde som syner Iver i full fart i løypa oppå Søljurusta. Det er fra 1935 eller 36. Det var vanleg å leggje løypa over Søljurusta og Hesthaugen den gongen.

Iver Giverhaug eller "Koløyddin" som han blir kalla i daglegtale, tok fleire vandrepokalar i den tida han var med. Etter det han sjøl sier, har han erobret 3 vandrepokaler i Tormod, bl.a "Solglimt-poalen", som han tok aksje i i 1938-39, og det siste nappet i 1946 da skisporten vart starta opp att etter krigen.

Iver deltok også i renn både i Fåvang, Vingrom og Heidalen. Han var også med i det såkalte "Øldalsrennet", som var arrangert av Ungdomslaga på Vinstra og Sjoa. Løypa gjekk frå Sjoa, sørover langs Laugen, opp Kvams-baksida, forbi Svarttjønna, ned gjennom Øldalen, med innkomst ved Bøndernes Hus på Vinstra. Her hadde Iver ein kvass duell med Peder Vassrusten frå Sjoa. Vassrusten fekk eit lite forsprang til å begynne med, men frå Svarttjønna og sørover vart den gode Peder inngått. Og Iver var første mann over mål , på tross av at han starta som nr 17.

Iver var av dei som dreiv skogsarbeid i Øldalen og som på kveldstid trente i månelyset i ei løype sørover Søljurusta og Hesthaugen.

Vi lyser fred over hans minne.