Nydeleg tur-O terreng på Fjellberg Høgehei med Suldal O-lag

Postet av Suldal Orienteringslag den 28. Jun 2022

Flott Tur-O økt frå Fjellbergskar Hyttegrend og over det meste av Fjellberg Høgehei. ☀️😎 Det er greit å starte frå Fjellbergskaret Hyttegrend, og gå oppover stien mot post 34. å er det berre å fortsetje opp på Fjellberg Høgehei. Du kan ta turen som ei runde der du får finalen  på Kalvaknuten, eller du kan dele turen opp i fleire turar😅👏 Dette er ein runde som verkeleg kan anbefalast😃👍
Du finn turen i Tur-O-konvolutten til Suldal O-lag :-)

 


Flott runde på Grøn Tur på Sand

Postet av Suldal Orienteringslag den 22. Jun 2022

Du kan starte frå Gata på Sand, frå museet eller hotellet, eller du kan byrje turen frå kulturhuset. Rekkkefølgja speler ingen rolle👍

Dette er ein tur som passar for alle😃Du går på veg heile tida. Fin på trehjul-sykkel også😎

Og, det er gratis å bli med👏

Her er bilde frå post 10☀️



Suldal O-lag sin Tur-orientering 2022 er i gong

Postet av Suldal Orienteringslag den 22. Jun 2022

Totalt kan du finne 60 postar med kartet i handa, fordelt på 5 ulike kart👏😃 Fleire av områda ligg i flott Lågfjell-terreng under majestetiske Gullingen👍

Bildet er frå Hedlebrekk området ☀️

Kjøp deg ein Tur-O-konvolutt, og få deg flotte turar med kartet i handa😃👏

Finn oss på Facebook eller heimesida vår, og finn ut meir om Tur-Orienteringa i Suldal👏

Link til artikkel på heimesida til O-laget om Tur-orientering