Prøv deg på Tur-O Classic postane rundt Gullingen i sommar :-)

Postet av Suldal Orienteringslag den 19. Jun 2025

Suldal O-lag har satt ut 30 tur-O postar i området under og rundt Gullingen :-)

Du finn 10 postar på Skute/Storrdalsheia, 10 postar på Finnadalsheia og 10 postar på Fjellberg Høgehei.

Også desse postane kan du ta gratis i år. Karta ligg inne i karthefte som me deler ut gratis. Her finn du også eit manuelt registrerings-skjema :-)

Det enklaste er likevel å registrere postane i Tur-O -appen :-)

Postane står ute heile sommaren og fram til 15. oktober i haust :-)

Her kan du sjå meir om Turorienteringa og Stolpejakten med Suldal O-lag, og du kan også laste ned karta her:

https://wp.suldal-o-lag.no/index.php/2025/05/19/vellukka-oppstart-av-stolpejakta-og-tur-o-2025/

God tur - både i sommar og utover hausten :-)

Frå Finnadlasheio mot Gullingen

Frå Finnadalsheio Mot Gullingen

Finnadalsheia

Frå Skuteheio - Bøljanuten og Reinsnuten i bakgrunnen

På toppen av Gula Fjedlet - Gullbolten ligg omlag 200 meter mot vest frå toppen - markert på kartet

Har du sett Labyrinten på Skuteheio - ligg mellom post 6 og 7 på Skuteheio





Prøv dei grøne turane i Suldal

Postet av Suldal Orienteringslag den 9. Jun 2025

Har du prøvd våre Grøne turar i Suldal? 

Me har lagt ut tilsaman 40 postar på Sand, Suldalsosen, Jelsa og Nesflaten🤗 Ti postar i kvar grend. 

På Sand og Suldalsosen er 3 av postane kombinert med Stolpejakt stolper.  På Nesflaten er det ein av postane som heng rett på sida av stolpen til Nesflaten IL. 

Desse turane er enkle, og passar for nær alle. 

Scanne QR koden med Tur-O appen. Du finn kart i kartheftet som er gratis 🤗

God tur i grendene 🤗



1 Kommentar

Flotte tur-mogleheiter med Tur-O-postane til Suldal O-lag i sommar

Postet av Suldal Orienteringslag den 3. Jul 2024

God onsdag i juli 😃
Tips til ein tur eller fin treningsrunde - Ta tur-O-postane på Hedlebrekk👏
Flott utsikt frå Giljenuten🤗

God tur :-)





Prøv dei Grøne turane i Suldal

Postet av Suldal Orienteringslag den 22. Jun 2024

Suldal O-lag har 4 grøne turar i Suldal. Dette er gratis og enkel tur-orientering, der du kan finne 40 postar i dei vakre grendene våre. Så ta med vener og familie, store og små, ung og gamal, og finn postane saman i sommar 😃

Her er bilder frå Suldalsosen👏

 




Flott runde ved Augnastølen

Postet av Suldal Orienteringslag den 22. Jun 2024

Flott Tur-O runde på Augnastølskartet 😃

Her er nokre av postane i fin utsikt👏

Og hugs, desse postane heng berre ute til 1. august - så ta turen i sommar 😃👏