Tur-orienteringa 2023 er i full gong
Postet av Suldal Orienteringslag den 23. Jun 2023
Onsdag 7. Juni var det opning av Suldal O-lag sin tradisjonsrike Tur-orientering for 2023!
Du kan totalt finne fram til 60 postar på 5 ulike kart.
Kor ligg postane i år?
I år er det lagt ut tur-O-postar i Stegåsen, på Venaheia, i Fjellbergskaret/Hedlebrekk, Langeli, i tillegg til Mosåno oppe.
Du kan få kjøpt Tur-O konvolutten på Joker Suldalsosen eller på Sand Sport
Les meir om årets tur-O her :
Kjøp deg ein konvolutt og få mange flotte turar med kartet i handa i sommar.
Postane heng ute til 15. oktober.
Helsing Tur-O gruppa i Suldal O-lag
Barmark-sesongen 2023 er i full gong med totalt 100 tur-O-postar
Postet av Suldal Orienteringslag den 18. Mai 2023
Suldal O-lag har no starta opp sommar og haust-sesongen 2023 i tur-O samanheng. Opninga av Grøne Turar, som er gratis og lavterkel tur-orientering, starta opp rett før 17. mai. No kan du velgje mellom 4 ulike grøne turar. Sjå lengre ned i artikkelen.
Årets Tur-orientering med Tur-O-konvolutten er godt i gong
Onsdag 7. Juni var det opning av Suldal O-lag sin tradisjonsrike Tur-orientering for 2023!
Du kan totalt finne fram til 60 postar på 5 ulike kart.
Kor ligg postane i år?
I år er det lagt ut tur-O-postar i følgjande område:
- Post 1-12 - Stegåsen
- Post 13-23 - Langeli
- Post 24-33 - Mosåno oppe
- Post 34-48 - Venaheia
- Post 49-60 - Fjellbergskaret/Hedlebrekk
Du kan få kjøpt Tur-O konvolutten på Joker Suldalsosen eller på Sand Sport
Les meir om årets tur-O her :
Kjøp deg ein konvolutt og få mange flotte turar med kartet i handa i sommar.
Postane heng ute til 15. oktober.
Helsing Tur-O gruppa i Suldal O-lag
4 flotte og enkle Grøne turar i Suldal no
No kan du prøve deg med kartet i handa, i dei 3 gratis rundturane i grendene i Suldals-dalføret:
- Grøn løype - rundtur på Sand med 10 postar
- Grøn løype - rundtur på Suldalsosen med 10 postar, og
- Grøn løype - rundtur på Nesflaten med 10 postar
- Grøn løype - rundtur frå Jelsa skule med dagsturhytta med 10 postar
Løypene passar for store og små, på sykkel, på rulleski..?, i barnevogn, og til og med i rullestol :-)
Her kan du lese meir om dei grøne turane:
http://wp.suldal-o-lag.no/index.php/2023/05/16/prov-deg-pa-gratis-og-enkel-tur-orientering/
God tur !
Nydeleg fjellski-runde på Skorpeheia etter bonuspostane 2023
Postet av Suldal Orienteringslag den 19. Mar 2023
Turen kan ein starte frå P-plassen nord-aust ved Mosvatnet, eller Fidjastokken som vadet blei kalla før.
frå demninga går turen først til Kringletjønn ved Gamlaskar, før du stig opp mot Mjelkesteinen mellom Budalsfjella. Her ved den vestlegaste steinen finn du post 42. Denne er av praktiske omsyn plassert omlag 100 meter frå steinen på solsida av dalen. Sjå bilde.
Vidare tek du gjerne turen opp på øvste delen av Skorpeheia, og får med deg utsikten over Fantatjøn og like til Natlandsnuten og Budalsvatnet. Vilt og vakkert utsyn.
Normalt kan ein her følgje den innteikna kvitaløypa til Gullspor, men den er førbels ikkje kvista enno.
Post 43 finn du på ein kolle rett før du kjem til Longhaug-vatnet. Så kan du følgje ryggen nedover Botnaheio til Botnavatnet, der post 44 ligg flott til på eit nes ved utløpet av vatnet.
Post 45 ligg på eit høgdedrag kalla Rotahauadn frå gamalt. Sjå kartutsnittet med lokale stadnamn under.
God tur med kartet i handa!
Registrer gjerne postane med tur-O-appen.
Super start på Ski-Tur-O 2023 under Gullingen
Postet av Suldal Orienteringslag den 5. Mar 2023
Så veit me også at mange tek løypene på den tradisjonelle måten, der dei registrerer koden manuelt på kartet. Ut frå talet på kart som er utdelt, ligg me sannsynlegvis på godt over 60 deltakarar allereie!
Her er nokre stemningsbilde frå siste søndagen i vinterferien frå Hedlebrekk-området !
Og hugs at kart og deltaking er gratis, og du kan ta postane akkurat i det tempoet du vil, heilt fram til 25. april :-)
God tur - hugs kart og solkrem :-)