Nydeleg fjellski-runde på Skorpeheia etter bonuspostane 2023

Postet av Suldal Orienteringslag den 19. Mar 2023

Turen kan ein starte frå P-plassen nord-aust ved Mosvatnet, eller Fidjastokken som vadet blei kalla før. 

frå demninga går turen først til Kringletjønn ved Gamlaskar, før du stig opp mot Mjelkesteinen mellom Budalsfjella. Her ved den vestlegaste steinen finn du post 42. Denne er av praktiske omsyn plassert omlag 100 meter frå steinen på solsida av dalen. Sjå bilde.

Vidare tek du gjerne turen opp på øvste delen av Skorpeheia, og får med deg utsikten over Fantatjøn og like til Natlandsnuten og Budalsvatnet. Vilt og vakkert utsyn. 

Normalt kan ein her følgje den innteikna kvitaløypa til Gullspor, men  den er førbels ikkje  kvista enno.

Post 43 finn du på ein kolle rett før du kjem til Longhaug-vatnet. Så kan du følgje ryggen nedover Botnaheio til Botnavatnet, der post 44 ligg flott til på eit nes ved utløpet av vatnet. 

Post 45 ligg på eit høgdedrag kalla Rotahauadn frå gamalt. Sjå kartutsnittet med lokale stadnamn under.

God tur  med kartet i handa! 

Registrer gjerne postane med tur-O-appen.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.