Ta tur-O-turen på Langelihei med Hjortelandsnuten og Nebbet
Postet av Suldal Orienteringslag den 4. Jul 2022
Turen, med 15 postar, startar frå Breiastøldalen, der skileikeplassen er på vinteren.
Herfrå følgjer du eit dalføre opp på Langeliheia. Ved post 42 må du ta deg ein kort tur ut mot kanten. Då vil du få sjå den karakteristiske fjellformasjonen; Nebbet.
Du bør også ta deg ein svipptur ut til varden frå post 44. Utsikten herfrå er flott, og kanskje er du heldig og får sjå kongeørna ovanfrå.
Er det varmt kan du ta deg eit bad i Leitestjørn, før du går ned i Breiastøldalen igjen.
God tur :-)
Nydeleg tur-O terreng på Fjellberg Høgehei med Suldal O-lag
Postet av Suldal Orienteringslag den 28. Jun 2022
Flott runde på Grøn Tur på Sand
Postet av Suldal Orienteringslag den 22. Jun 2022
Du kan starte frå Gata på Sand, frå museet eller hotellet, eller du kan byrje turen frå kulturhuset. Rekkkefølgja speler ingen rolle👍
Dette er ein tur som passar for alle😃Du går på veg heile tida. Fin på trehjul-sykkel også😎
Og, det er gratis å bli med👏
Her er bilde frå post 10☀️
Suldal O-lag sin Tur-orientering 2022 er i gong
Postet av Suldal Orienteringslag den 22. Jun 2022
Totalt kan du finne 60 postar med kartet i handa, fordelt på 5 ulike kart👏😃 Fleire av områda ligg i flott Lågfjell-terreng under majestetiske Gullingen👍
Bildet er frå Hedlebrekk området ☀️
Kjøp deg ein Tur-O-konvolutt, og få deg flotte turar med kartet i handa😃👏
Finn oss på Facebook eller heimesida vår, og finn ut meir om Tur-Orienteringa i Suldal👏
Link til artikkel på heimesida til O-laget om Tur-orientering
Tur-Ski-Orienteringa 2022 i Suldal er i gong
Postet av Suldal Orienteringslag den 4. Mar 2022
Også i år har Suldal O-lag eit gratis tilbod om ski-tur-orientering under Gullingen i Suldal.
Du kan finne totalt 40 tur-o-poster fordelt på 2 kart.
Registrer gjerne postane i den nye appen til Turorientering.no.
Sjå meir på www.suldal-o-lag.no