Frivillig Førde Rundt 15. august?
Postet av Førde Idrettslag den 6. jul 2026

Bedriftsidretten arrangerer Førde Rundt laurdag 15. august. I fjor deltok det rundt 440 løparar - fordelt på tre løyper. Arrangementet treng fleire frivillige som kan vere med å hjelpe. Er det nokon i o-gruppa som kan vere med som frivillig? Kontakt Knut Even Hole, eller send inn dette skjemaet her: Frivillig
Klubben får inntekter ut frå kor mange som er med å hjelpe til.
Vi har tatt på oss å ordne kiosk denne dagen, så her treng Unn fleire som kan vere med å hjelpe. Bli med på folkefesten i Førde sentrum denne laurdagen - meld deg som frivillig!
Her kan du lese meir om arrangementet: Førde rundt

Prøv turorientering i sommar
Postet av Førde Idrettslag den 4. jul 2026

Treng du inspirasjon for å komme deg ut på tur. Det finst mange fine turalternativ i turorienteringa i Sunnfjord. Over 100 ulike postar på 8 ulike område, dei fleste i sentrumsnære område av Førde, men også på m.a. på Langeland og Bjørkelia på Jølster.
Du kan laste ned kart gratis gjennom tur-o-appen eller på www.turorientering.no. Karta kan også printast ut frå den sida dersom du vil ha med papirkartet på tur.
4 av turane er gratis. Ta deg ein tur ut - prøv turorientering!