Stor o-aktivitet neste dagane

Postet av Førde Idrettslag den 18. Mai 2025

Mange mogelegheiter til å vere med på orientering dei neste dagane. Bli med. 

Måndag 19. mai: O-trening på Langeland skisenter. mor-O for dei aller yngste, trening for ungdom, og løp med fellesstart for vaksne. Start kl 18.00 (ver der gjerne litt før). Påmelding innan måndag kl 14.00.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Førde IL Måndagstrening

Onsdag 21. mai: Sunnfjordorienteringa. Støfringsdal, Jølster. Start mellom kl 18.00 og 19.00. Løyper for alle. Påmelding innan tysdag kveld.
Eventor - Arrangementsinformasjon: Sunnfjordorienteringa 2025

Torsdag 22. mai: Helse Førde stafetten. O-gruppa deltek med rakettløype og stand både på dagtid og kveldstid. Skulle hatt fleire som var med å hjalp til.

Laurdag 24. mai: Breimsbygda arrangerer Rotekoppen på Sårheim, ca 6 km frå Byrkjelo. Start kl 15.00. Fellesstart. Løyper for alle. Påmelding måndag kveld. 
Eventor - Arrangementsinformasjon: Rotekoppen


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




Sunnfjordorienteringa onsdag 21.5

Postet av Førde Idrettslag den 15. Mai 2025

Onsdag 21. mai er det klart for Sunnfjordorienteringa. Dette tradisjonsrike o-løpet vart første gong arrangert i 1963!  Oppmøte i år er Støfringsdal på Jølster. Merka frå E39 Langhaugane, 3 km sør for Vassenden. Kart er Fluge, som vart utgjeve i 2024. Dette vert første løpet på det nye kartet. 

Her litt fleire løyper enn på eit vanleg nærløp, og her melder ein seg på etter alder. Påmeldingsfrist er tysdag kveld på Eventor. Det lettar veldig på vårt arbeid at flest mogeleg nyttar den nettsida. Er det nokon som ikkje får det til, så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på sjølve løpsdagen. 

Meir informasjon om løpet, løypelengder og påmelding gjer du her. 





Helse Førde-stafetten - frivillige

Postet av Førde Idrettslag den 11. Mai 2025

Førde IL Orientering har siste åra stilt på Helse Førde stafetten, og tilbydd rakettløype både på dagtid og kveldstid.

Det er ein liten dugnadsjobb, som også gir litt penger i klubbkassa. Samtidig er vi ute og profilerer orienteringsgruppa og vår aktivitet.

Årets Helse Førde stafett er torsdag 22. mai.
Skal vi klare å gjennomføre dette i år, så treng vi HJELP frå medlemmer i gruppa.

1. På dagtid. 1 eller 2 personar. 182 5-klassingar er påmeldt eit opplegg i og kring sjukehuset denne dagen. O-gruppa har bidratt med ein uteaktivitet, rakettløype. Tidspunkt ca. 10-14. Oppgåve: Hente telt. Sette opp rakettløype. Ha med time-recorder og passe på at det går greitt. Er det nokon som har fri på dagtid og kan hjelpe med dette?

2. På ettermiddag/kveld når Helse Førde stafetten pågår. Ha eit tilbod om rakettløype. Ev. dele ut brosjyrer til foreldre/born om o-idretten. Tidspunkt kl 1700-1930, samt nedrigging av telt/rakettløype når arrangementet er slutt.

Håper at nokon kan vere med. Kan de gje ei tilbakemelding til Yngve Årdal, ardalyngve@gmail.com seinast onsdag 14.5. om de har høve til å vere med. Får ikkje vi nokon til å vere med, spesielt til dagaktiviteten, må vi gje beskjed til arrangør. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 






Fellestur

Postet av Førde Idrettslag den 6. Mai 2025

Lørdag 10. mai arrangerer vi fellestur til Halbrendsslølen og Prestestølen. Frammøte på Reset i Halbrendslia kl 10:00. Vi tek den raude turen i årets turorientering i Halbrendslia. Denne dagen får du du dobbel poengskår på alle desse postrane. Det blir og gjeve litt instruksjon i bruk av kart og kompass. Vi stoppar på Prestestølen der det vert enkel servering av kaffi, saft og litt å bite i. Vel møtt til ein hyggjeleg orienteringsdag.




Orientering onsdag 7. mai, ved Førde ungdomsskule

Postet av Førde Idrettslag den 4. Mai 2025

Nærløp med lagsmesterskap sprint onsdag 7. mai, kl. 1800. Frammøte ved Førde ungdomsskule rett bak Førdehuset. Løypelengder og vanskegrad etter nivå: A-løype 3,1 km, B-løype 2,1 km, C-løype 1,5 km og Nybyrjarløype 0,9 km. Påmelding på Eventor, eller ved frammøte. Velkomen til alle! 

NB! Sidan løpet er lagsmesterskap er vi litt meir nøye med info om løypene og utlevering av kart, slik: Løparar i løype A og løype B får karta når dei startar. For C- og N-løypene får løparane karta ved frammøte, og det er som vanleg info om løypene ved oppslag.

Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane#naustdal dampbakeri #enivest