Fellestur
Postet av Førde Idrettslag den 6. Mai 2025
Lørdag 10. mai arrangerer vi fellestur til Halbrendsslølen og Prestestølen. Frammøte på Reset i Halbrendslia kl 10:00. Vi tek den raude turen i årets turorientering i Halbrendslia. Denne dagen får du du dobbel poengskår på alle desse postrane. Det blir og gjeve litt instruksjon i bruk av kart og kompass. Vi stoppar på Prestestølen der det vert enkel servering av kaffi, saft og litt å bite i. Vel møtt til ein hyggjeleg orienteringsdag.
Kommentarer
-
-
Harald Olav Hjellbrekke
Takk, dei er blitt henta av èin annan turgåar. Dei som har gløymt dei kan ta kontakt med meg på tlf 97712051
10 mai 2025 -
Logg inn for å skrive en kommentar.