AVSLUTNING 15.mai
Postet av Tormod Skilag den 16. Mai 2018
![](https://azure.content.bloc.net/redactor/200000195/820/2018/5/16/grill2.jpg?width=1024&quality=90)
I strålande vær avslutta vi årets gate-o-løp. Vi markerte det som "Finn fram dagen". Dølakarusellen vart arrangert samtidig.
Så det var liv og røre på Høgmolykkja i kveld. Med smått og stort var vi 50 stk som myldra rundt i Knutsmorka for å leite etter O-poster. Du kunne velge mellom 4 løypelengder.
Totalt har over 80 stk deltatt 1-5 gonger. Håper alle har fått eit lite innblikk i O-sporten. Og har du lyst til å lære meir så er det berre å gje seg med på onsdager. Da held vi fram med karusell . Om du ikkje vil reise langt, så er det arramgert mange løp i Vinstraområdet. Det er alltid nybegynnerløype. Neste løp er på Vinstra. Samlingsplass leikeplassen i Byrevegen.
Og så blir det Tur-orientering. Litt forsinka i år. Men ca.midt i juni er den kanskje klar. Følg med på heimesida
Vi avslutta med premieutdeling, pølsegrilling,frukt, saft og kaffe. Samlingsplass var rundt den nye idylliske grillplassen til Sorperoa Vel.... takk for lånet
![](https://azure.content.bloc.net/redactor/200000195/820/2018/5/16/grill1.jpg?width=1024&quality=90)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.