O-sesongen er på hell
Postet av Tormod Skilag den 10. Sep 2019
Tur-O postane står ute til og med 15 sept. Så da har du enda nokre dager der du kan ta ein real innspurt.
Men fra og med mandag 16.sept starter vi arbeidet med å ta inn postane. Dei må vera fjerna til elgjakta starter den 25. Håper du har hatt ein fin sesong med mange fine turer.
Og så, for å bli med på trekning av gavekort må du huske og levere klyppekortet . Frist 15.oktober. Dei som har registrert seg på nett må også levere klyppekort for å bli med på trekning.
Siste fellestur til "Ukens post" var 13.august, og turmålet var Kvitskriuprestane og Reiret.
Uttafor Reiret
8 stk var med på fellesturen, medan 5 stk hadde tjuvstarta, så vi møtte dei på tur ned att. Da vart det totalt 13 som fekk registrert turen. Vi starta med Kvitskriuprestane. Kort, men bratt tur. Prestane begynner å minke, men fortsatt står det att eit par "magre " eksemplar. Naturen lager utrulege kunstverk.
Så gjekk turen til Reiret, der vi tok kafferast og trekning av div premier. Reiret er eit krigsminnesmerke og er freda. Hytta var brukt under 2.verdenskrig og Milorg i Nord-Gudbrandsdalen hadde sitt hovedkvarter her Hytta er godt kamuflert, og vart aldri oppdaga.
Gavekort på 500 kr vart vunne av Wenche Støstad Sletten. Gratulere.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.