Sesongavslutning Orientering
Postet av Tormod Skilag den 26. Nov 2019
Det var ikkje mange som fant vegen til Høgmolykkja og premieutdeling etter O-sesogen sist laurdag. Men dei som kom ( 5 vaksne og 2 barn) fekk kaffe / gløgg og pepperkaker. I tillegg fekk dei sine diplomer og premier.
Nå har eg masse diplomer og premier som ikkje er utlevert, men prøver i løpet av uka å få putta desse i postkasser rundt omkring.
Alle barn som leverte inn kort skal ha diplom, og evt merker.
Vaksne skal ha sine velfortjente merker og plaketter. 13 stk hadde klypt alle 55 poster i år. Blant desse vart det trekt ein liten "ekstra sak"
69 stk har levert inn klyppekort. Det var trekt 2 gavekort a kr 500 blant alle desse: Vinnere vart Kari Vaterland og Aud Byrløkken
Det var egen trekning blant barna, 27 stk totalt og vinnere vart Mia Haugen Bergheim,Petter Johansen Myren, Ola Nybakken og Ingrid Nybakken. Desse fekk gavekort på 300,. kr.
Vi deler ut " Tormod's Tur-O pris ". Blant barna. Denne prisen vart oppretta i 2017 . Det er ein pokal med inskripsjon som du får " til odel og eige" Statutter er at du har vist stor iver og interesse for tur-O. I år gjekk prisen til Magnus Lillebråten. Gratulere !! Han har vore ivrig deltaker i mange år.
Premiering av deltakere i Dølakarusellen: Blant dei som har deltatt på 7 løp eller meire i løpet av sesongen blir med på trekning av gavekort kr 500. Vinner i år er Bjørn Haugen.
Takk for ein aktiv sesong, og takk til alle hjelpere.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.