Turorientering 2020
Postet av Førde Idrettslag den 18. Jun 2020
Turorientering er ein aktivitet for alle, og passar svært godt dette året. Du kan gjennomføre åleine, eller i lag med andre i familien. Det er inga tidtaking og du vel sjølv når du vil ta turen, og kva for tur du vil gjennomføre. Hugs likevel dei generelle smittevernråda: Ikkje gå for mange i lag. Hald avstand dersom du møter andre på turen. Følg tilrådde hygienereglar: Vask hendene, host i albogen og unngå berøring av postane.
Førde IL Orientering har turorientering i følgjande områder i 2020:
- Hafstadparken
- Førdehuset
- Sunde-Farsund
- Vieåsen
- Ulvedalane
- Kråkenesmarka
- Kinna
Dei fire første (Hafstadparken, Førdehuset, Sunde-Farsund og Vieåsen) er grøne turar, dvs. den lettaste typen der postane er plasserte langs sti og veg slik at turane også kan gjennomførast av rullestolbrukarar. Desse fire turane er gratis og kan lastast ned på turorientering.no.
Postane til dei grøne turane består av ein stolpe med postnummer og postkode på toppen.
I tillegg til dei fire grøne turane har FIL Orientering turorientering ved Ulvedalane, Kråkenesmarka og to forskjellige turar på Kinna. Desse kan kjøpast for 50,-kr per stk og lastast ned på turorientering.no eller dei kan kjøpast på Erdal Sport i Førde.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
![Fellestur til O-festivalen](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1725/2024/6/7/1717775087612.png?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Fellestur til O-festivalen
07.06.2024
![Utvikfjellet og Askøy](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1725/2024/5/31/20230817-122619.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Utvikfjellet og Askøy
31.05.2024
![O-løp onsdag 22. mai](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1725/2024/5/19/burlikj-rna.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
O-løp onsdag 22. mai
19.05.2024
![Nærløp Naustdal 15. mai](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1725/2024/5/12/1715543959524.png?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Nærløp Naustdal 15. mai
12.05.2024
![54 på nærløp Førde Vassverk](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1725/2024/5/7/img-5036.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
54 på nærløp Førde Vassverk
07.05.2024
![Trygg på trening](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1725/2024/5/4/1714851487446.png?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Trygg på trening
04.05.2024