Norgescup i Trondheim
Postet av Førde Idrettslag den 18. Sep 2021

Skal ein utvikle seg som o-løpar er det viktig at ein reiser ut av fylket og deltar i konkurransar der ein møter andre løparar på høgt nivå. Anja Hole og Håkon Grønli deltek denne helga på løp i Trondheim. På fredag var det Norgescup sprint der Håkon sprang inn til ein veldig sterk 4. plass av 26 deltakarar i klasse H16, . Anja vart nummer 33 av 50 i klasse D17-18. Laurdag var det o-idol for klasse H16. Håkon gjorde her ein feil på slutten av løpet og valgte å ikkje fullføre. I klasse D17-18 var det norgescup og Anja sprang inn til ein 23. plass av 60 deltakarar. Bildet er frå premieutdeling fredag i klasse H16.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Resultat Sunde skule
29.04.2026
O-løp Sunde skule 29. april
28.04.2026
O-leir/samling og løp Askvoll
26.04.2026
Solrikt og folkerikt på Halbrend
23.04.2026
O-løp Halbrend skule 22. april
20.04.2026
Flott oppmøte på Soleide
16.04.2026