Fjord-O: Anja med fire sigrar

Postet av Førde IL Orientering den 18. Jul 2022

Anja Hole tok fire sigrar av fire mogelege under Fjord-O 2022 som vart arrangert på Sunnmøre og i Nordfjord forrige veke.

- Eg er godt fornøgd med det. Det var ikkje akkurat forventa at eg skulle vinne alle dagane, men kjekt for meg, seier Anja.

Dei to første dagane var det Emblem som var arrangør. – Desse dagane var det ein del fjellterreng, mykje ope, og det passar meg bra. Dag to var det imidlertid mykje regn og tåke, så det var vanskeleg å orientere.

Løp tre og fire gjekk i Nordfjord og Veten. – Nytt kart og nytt område for meg. Eg likte terrenget veldig bra. Mykje likt det vi finn i Førde, seier ho. Anja trekk fram løpet søndag som hennar beste under Fjord-O.  – Eg fekk god flyt. Orienteringa gjekk bra, ikkje så mange teite bommar, og så var formen god denne dagen, fortel ho.

Tidlegare i sommar var Anja med på O-festivalen, med ein 15.plass som beste resultat. – Kjekt å få det til å fungere i konkurranse med dei beste løparane i Norge i min klasse.

No vert det ein liten konkurransepause, før Anja tek turen til hovudløpet o-landsleir for 14-16 åringar i Stavanger. – Her skal eg vere med som trenar. Det var eg også i fjor, og er noko eg ser fram til, fortel ho.


Løypa klasse D17-18 under dag 4 på Veten. På bildet øverst er Anja veg til mål. Foto: Anita E. Hole.

Førde IL Orientering hadde med fleire løparar under Fjord-o. Resultatlister og løypene for Fjord-0 finn du på denne linken. I Livelox vil du sjå vegvala til løparane, også Anja sine.

Neste løp i Førde vert onsdag 10. august. 

Førde IL Orientering sine støttespelarar: 
#specsavers - #sparebanken vest - #autoservice - #dale rør - #enivest#bildeler førde 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.