Skadefri treningskvardag 15.2
Postet av Førde Idrettslag den 9. feb 2023

Vi har vel alle opplevd overbelastning i ledd eller musklatur. Onsdag 15.2. vert det høve til å lære meir om trening, og korleis unngå skader i treningskvardagen. Denne kvelden kjem fysioterpeut Aud Vassbotten Storøy og manuellterapeut Marit Anne Smørdal til å gjennomføre ei økt kl 19.00 - 21.00 i gymsalen på Slåtten skule. Her vert det både teori og praktisk trening, så ta med treningsklede. Økta er mest mynta på aktive i alderen 11-25, men det er fullt mogeleg for absolutt alle å komme denne kvelden - aktive som forelder. Her kan ein ein få gode tips til ein aktiv og skadefri treningskvardag. Velkomen til alle.
Her kan du lese litt meir om Norges Orienteringsforbund sitt initiativ til slike arrangement:
Gratis klubbkveld om idrettsskader.pdf
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
O-løp onsdag 16. september
15.09.2026
Nærløp onsdag 9.9 Haugum
04.09.2026
Nærløp Reset 2. september
01.09.2026
Løp Sogndal 5. og 6. september
29.08.2026
Nærløp Eikås 26. august
24.08.2026
KM-helg i Sunnfjord 22-23. aug.
18.08.2026