7. plass i NM

Postet av Førde IL Orientering den 6. Mai 2023

Håkon Grønli vart laurdag 6. mai nummer 7 i NM knock-out sprint klasse H17-18 i Sandefjord.  Og det er ein glad og fornøgd Håkon som fortel om dagen.

- Vi var kring 60 i klassen. Det starta med prolog kl 11. Då var det inn i karantene uten mobil og informasjon. Det starta med individuell start, og dei 30. beste tidene ville gå vidare. Eg var nummer 16 i prologen, og gjekk vidare til semifinalen. Der var vi delt inn i tre heat, 10 løparar i kvart. Dei tre beste løparane i kvart heat gjekk direkte til finale, samt den personen som hadde best tid av dei som vart nummer 4.E g vart nummer fire i mitt heat, men hadde sprunge i det heatet med dei klart beste tidene. Eg kunne difor gjere meg klar til finale. I finalen vart det ein 7. plass,

- Eg er veldig fornøgd med prestasjonen i dag, fortel Håkon. Det var veldig jamt, og det var berre 14 sekund opp til gullet. I finalen var det ikkje gafling, alle hadde same løypa, så det vart litt henging. Eg tok nokre i spurten, så hadde litt på lur heilt til slutt, fortel han. 

Håkon har hatt ei veldig god sportsleg helg i Sandefjord. Fredag  vart det ein 21. plass i  sprint. 

Førde IL Orientering gratulerer så mykje! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde  - #naustdal dampbakeri


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.