Gate-O-løp er gøy
Postet av Tormod Skilag den 26. Apr 2016
I kveld var gate-O-løpet flytta til Tokse. Samlingsplass i enden av Nigardsvegen. Heribert hadde lagt ei artig løype i byggefeltet rundt leikeplassen.
32 barn og vaksne stilte opp og fant postane utan problem.
Etterpå var det saft og kaffe og god anledning til å slå av ein prat. Ungane kosa seg med leik og morro på leikeplassen etter løpet. Dette skal i utgangspunktet vera treningsløp med innslag av opplæring og veiledning. Og så er det artig å konkurrere litt...... men det viktige er å finne postane !
Er imponert over retningssansen og evnen til å orientere kartet for alle som er nybegynnere.
Ein rask titt på kartet for å lokalisere 1.post, og dermed er dei ute av syne. Og berre nokre minutt etterpå så stemplar dei inn på målposten. Alle postane er funne og i rett rekkefølge.
Dette er Imponerande.
Neste løp er 3.mai, startplass leikeplassen oppi Byrevegen. Mrk fra E-6.
(P.S: Da har eg bestilt sol og varme )
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.