Nydeleg fjellski-runde på Skorpeheia etter bonuspostane 2023

Postet av SULDAL ORIENTERINGSLAG den 19. Mar 2023

Turen kan ein starte frå P-plassen nord-aust ved Mosvatnet, eller Fidjastokken som vadet blei kalla før. 

frå demninga går turen først til Kringletjønn ved Gamlaskar, før du stig opp mot Mjelkesteinen mellom Budalsfjella. Her ved den vestlegaste steinen finn du post 42. Denne er av praktiske omsyn plassert omlag 100 meter frå steinen på solsida av dalen. Sjå bilde.

Vidare tek du gjerne turen opp på øvste delen av Skorpeheia, og får med deg utsikten over Fantatjøn og like til Natlandsnuten og Budalsvatnet. Vilt og vakkert utsyn. 

Normalt kan ein her følgje den innteikna kvitaløypa til Gullspor, men  den er førbels ikkje  kvista enno.

Post 43 finn du på ein kolle rett før du kjem til Longhaug-vatnet. Så kan du følgje ryggen nedover Botnaheio til Botnavatnet, der post 44 ligg flott til på eit nes ved utløpet av vatnet. 

Post 45 ligg på eit høgdedrag kalla Rotahauadn frå gamalt. Sjå kartutsnittet med lokale stadnamn under.

God tur  med kartet i handa! 

Registrer gjerne postane med tur-O-appen.




Super start på Ski-Tur-O 2023 under Gullingen

Postet av SULDAL ORIENTERINGSLAG den 5. Mar 2023

Utsyn mot Ulladalen 

Heilt fantastisk!
No har ski-tur-O 2023 frå Suldal O-lag vore offisielt oppe og gått i ei vinterferie-veke. Heile 34 deltakarar har registrert postar på den nye Tur-O appen, og det er registrert 378 ulike klipp eller stemplinger på dei 40 tur-O-postane. Suldal O-lag er nr 2 på  statistikken for Rogaland, og me er 17. beste klubb nasjonalt. Eit svært godt resultat etter ei veke i Suldal ! 

 

Så veit me også at mange tek løypene på den tradisjonelle måten, der dei registrerer koden manuelt på kartet. Ut frå talet på kart som er utdelt, ligg me sannsynlegvis på godt over 60 deltakarar allereie!

Her er nokre stemningsbilde frå siste søndagen i vinterferien frå Hedlebrekk-området !

Og hugs at kart og deltaking er gratis, og du kan ta postane akkurat i det tempoet du vil, heilt fram til 25. april :-)

God tur - hugs kart og solkrem :-)




Ta tur-O-turen på Langelihei med Hjortelandsnuten og Nebbet

Postet av SULDAL ORIENTERINGSLAG den 4. Jul 2022

Turen, med 15 postar, startar frå Breiastøldalen, der skileikeplassen er på vinteren.

Herfrå følgjer du eit dalføre opp på Langeliheia. Ved post 42 må du ta deg ein kort tur ut mot kanten. Då vil du få sjå den karakteristiske fjellformasjonen; Nebbet. 

Du bør også ta deg ein svipptur ut til varden frå post 44. Utsikten herfrå er flott, og kanskje er du heldig og får sjå kongeørna ovanfrå.

Er det varmt kan du ta deg eit bad i Leitestjørn, før du går ned i Breiastøldalen igjen.


God tur :-)

Post 39  - då er du komen opp på Langeliheia

 

Post 40 ved Lomatjødn - Gullingen i bakgunnen

 

Leitestjødn

 

Nebbet

 Hjortelandsnuten

 



Nydeleg tur-O terreng på Fjellberg Høgehei med Suldal O-lag

Postet av SULDAL ORIENTERINGSLAG den 28. Jun 2022

Flott Tur-O økt frå Fjellbergskar Hyttegrend og over det meste av Fjellberg Høgehei. ☀️😎 Det er greit å starte frå Fjellbergskaret Hyttegrend, og gå oppover stien mot post 34. å er det berre å fortsetje opp på Fjellberg Høgehei. Du kan ta turen som ei runde der du får finalen  på Kalvaknuten, eller du kan dele turen opp i fleire turar😅👏 Dette er ein runde som verkeleg kan anbefalast😃👍
Du finn turen i Tur-O-konvolutten til Suldal O-lag :-)

 


Flott runde på Grøn Tur på Sand

Postet av SULDAL ORIENTERINGSLAG den 22. Jun 2022

Du kan starte frå Gata på Sand, frå museet eller hotellet, eller du kan byrje turen frå kulturhuset. Rekkkefølgja speler ingen rolle👍

Dette er ein tur som passar for alle😃Du går på veg heile tida. Fin på trehjul-sykkel også😎

Og, det er gratis å bli med👏

Her er bilde frå post 10☀️