8 nye tur-o poster er på plass

Postet av Tormod Skilag den 9. Jun 2020

Håper du får mange fine turer i kjent, og mindre kjente områder. 

Post 47: Feforkampen ( 1160 moh ) " Det er det såmå kår du bur, berre du ser Feforkampen"  Eit landemerke for oss som bur i Fron, lett å kjenne att med sine tre topper.  Den mest brukte stien hit er å gå oppover Feforbakken ( skibakken) God stigning, så her får du garantert opp pulsen. 

Post 48: "Midt i Feforbakken" , nær bilvegen  Passer å ta ei drikkepause her på tur opp til Feforkampen.

Post 49: Veslkampen i sikte ( 1075 moh). Lett tur på god sti. Følg stien "bakom kampen" , for så å få litt stigning den siste biten.  Fantastisk utsikt fra toppen

Post 50: Flåbekktjønna: Her har vi aldri hatt post før, men dette er ei perle av beste sort. Du berre MÅ ta turen dit, men korleis finne fram ??         Ta ein god titt på kartet.  Kjør forbi Vollsdammen, ta til høgre inn på gamle Feforvegen.  "Litt oppi bakken", før bekken , på ein åpen plass, går eit råk inn til høgre.  ( har hengt opp eit merke her)  Følg råket inn til bekken, følg bekken videre inn mot tjønna.

Vegvalg 2,  Litt lenger å gå. Men fint alternativ om du vil ha langtur er å starte på parkeringa ved Vollsdammen. Gå på fin sti inn langs bekken oppover til du møter ein breiare sti. Gå den til du møter lyslinja. Følg lyslinja til bekken, og videre inn mot posten

Post 51, 52 og 53  Vollsdammen rundt.  3 poster rundt dammen. Lett tur,  fint å evt bruke sykkel. Barnevennleg.  Ta med niste og gjerne handkle. Kan hende det blir fristande med ein liten dukkert etter turen

Post 58 : Hågåhaugen. Kjør Gålåvegen til Nysetra. Kjør mot Rudlandsseter ( Bomveg, kr 30,  Vipps) Kjør så langt vegen går. Merking fra der. Lett , kort tur og fantastisk utsyn over heile bygda .

God postjakt.   

 www.turorientering.no


 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.