Nydeleg fjellski-runde på Skorpeheia etter bonuspostane 2023

Postet av Suldal Orienteringslag den 19. Mar 2023

Turen kan ein starte frå P-plassen nord-aust ved Mosvatnet, eller Fidjastokken som vadet blei kalla før. 

frå demninga går turen først til Kringletjønn ved Gamlaskar, før du stig opp mot Mjelkesteinen mellom Budalsfjella. Her ved den vestlegaste steinen finn du post 42. Denne er av praktiske omsyn plassert omlag 100 meter frå steinen på solsida av dalen. Sjå bilde.

Vidare tek du gjerne turen opp på øvste delen av Skorpeheia, og får med deg utsikten over Fantatjøn og like til Natlandsnuten og Budalsvatnet. Vilt og vakkert utsyn. 

Normalt kan ein her følgje den innteikna kvitaløypa til Gullspor, men  den er førbels ikkje  kvista enno.

Post 43 finn du på ein kolle rett før du kjem til Longhaug-vatnet. Så kan du følgje ryggen nedover Botnaheio til Botnavatnet, der post 44 ligg flott til på eit nes ved utløpet av vatnet. 

Post 45 ligg på eit høgdedrag kalla Rotahauadn frå gamalt. Sjå kartutsnittet med lokale stadnamn under.

God tur  med kartet i handa! 

Registrer gjerne postane med tur-O-appen.





Super start på Ski-Tur-O 2023 under Gullingen

Postet av Suldal Orienteringslag den 5. Mar 2023

Utsyn mot Ulladalen 

Heilt fantastisk!
No har ski-tur-O 2023 frå Suldal O-lag vore offisielt oppe og gått i ei vinterferie-veke. Heile 34 deltakarar har registrert postar på den nye Tur-O appen, og det er registrert 378 ulike klipp eller stemplinger på dei 40 tur-O-postane. Suldal O-lag er nr 2 på  statistikken for Rogaland, og me er 17. beste klubb nasjonalt. Eit svært godt resultat etter ei veke i Suldal ! 

 

Så veit me også at mange tek løypene på den tradisjonelle måten, der dei registrerer koden manuelt på kartet. Ut frå talet på kart som er utdelt, ligg me sannsynlegvis på godt over 60 deltakarar allereie!

Her er nokre stemningsbilde frå siste søndagen i vinterferien frå Hedlebrekk-området !

Og hugs at kart og deltaking er gratis, og du kan ta postane akkurat i det tempoet du vil, heilt fram til 25. april :-)

God tur - hugs kart og solkrem :-)