Flotte tur-mogleheiter med Tur-O-postane til Suldal O-lag i sommar

    Postet av Suldal Orienteringslag den 3. Jul 2024

    God onsdag i juli 😃
    Tips til ein tur eller fin treningsrunde - Ta tur-O-postane på Hedlebrekk👏
    Flott utsikt frå Giljenuten🤗

    God tur :-)





    Prøv dei Grøne turane i Suldal

    Postet av Suldal Orienteringslag den 22. Jun 2024

    Suldal O-lag har 4 grøne turar i Suldal. Dette er gratis og enkel tur-orientering, der du kan finne 40 postar i dei vakre grendene våre. Så ta med vener og familie, store og små, ung og gamal, og finn postane saman i sommar 😃

    Her er bilder frå Suldalsosen👏

     




    Flott runde ved Augnastølen

    Postet av Suldal Orienteringslag den 22. Jun 2024

    Flott Tur-O runde på Augnastølskartet 😃

    Her er nokre av postane i fin utsikt👏

    Og hugs, desse postane heng berre ute til 1. august - så ta turen i sommar 😃👏





    Ski-Tur-O 2024 i Suldal med over 100 deltakarar, så langt

    Postet av Suldal Orienteringslag den 7. Apr 2024

    Vel overstått påske 🙂 Det er svært gledeleg at deltakinga i Ski-tur-Orienteringa 2024 no har passert 100 deltakarar 🙂 Og, sesongen er enno ikkje over. Det er godt med snø i Mosvatn-området og postane heng ute til 28. april i år 🙂 Kart kan du enno få tak i på butikkane i Suldal, eller du kan finne karta på turorientering.no🙂


    Me kårer også beste innsendte bilde frå tur-O-2024. Her er nokre ev innsendte blinkskot så langt.




    Tur-ski-orienteringa 2024 klar til vinterferien

    Postet av Suldal Orienteringslag den 10. Feb 2024

    Vinterferien for Rogaland startar fredag 23. februar, og tradisjonen tro har Suldal O-lag også i år eit gratis tilbod om Tur-ski-orientering i Gullingen-området for alle som ønskjer å prøve seg med kart etter tur-O-postane. Suldal O-lag er den einaste O-klubben i Rogaland som tilbyr dette, og det beste av alt, deltaking og kart er heilt gratis!


    Kor finn eg postane?
     Suldal O-lag set ut 40 tur-O-postar i området under Gullingen. 
    Dei 20 første postane er fordelt på det nyreviderte O-kartet Hedlebrekk. Her finn du mellom anna alle hyttene i Fjellbergskardet. I tillegg er området nedanfor Froa med Leirdal og Skinnstø også med på det nyreviderte kartet. Det betyr at karta overlappar kvarandre i sør-enden av lysløypa omtrent. 

    Postane 21-40 ligg på kartet Gullingen. Her finn du lysløypa, Gullingen leirskule og Turistsenter, Gullingen skisenter og løypene i Breiastøldalen. Du finn også stølsområdet mellom Nyastølen, Stavastølen og Vindvollen på kartet.

    Gode skiløype-kart
     På begge karta er også alle skiløypene til Gull-Spor teikna inn. Du kan med andre ord bruke løypenettet å orientere deg etter. Dei fleste postane ligg ganske nære ei av dei mange skiløypene til Gull-spor.


    Kor får eg tak i kart?
     
    Den offisielle opninga av Tur-ski-orienteringa 2024 er laurdag 24. februar kl. 10:00. Då kan du få tak i dei to karta i A3 format heilt gratis på:

    • Gullingen Skisenter/Turistsenter
    • Coop ekstra Sand/Suldal Turistinformasjon
    • Joker Suldalsosen 

    Postane ligg ute til og med søndag 28. april.

    Prøv deg med den nye appen «Turorientering»
     
    I denne appen, som du kan laste ned gratis på mobilen, kan du også laste ned karta som du godt klarer å orientere etter. Men det geniale kjem når du har funne ein post. Då kan du registrere posten ved hjelp av ein QR-kode som du skannar med appen. Det er kjapt, og du treng ikkje å ha med deg blyant for å hugse bokstav-kodane. Men om du heller vil gjere det på den tradisjonelle måten, er det plass på kartet til å notere ned også ein bokstavkode som du finn på kvar post.

    Vinn gåvepremiar
     Har du funne 20 postar eller meir, kan du vinne premie. Har du brukt tur-O-appen og registrert deg med namn, er du automatisk med i trekninga. Du kan også skrive namn, adresse og tlf.nr på karta og sende inn bilde av karta til Suldal O-lag på e-post.

    Premiering av beste innkomne bilde
     Du kan vinne premie for beste tur-ski-O-bilde. Send blinkskotet til: styret@suldal-o-lag.no, del bildet på våre Facebook-sider, eller send som MMS til 99 02 58 31.

    Ønskjer du å støtte Suldal O-lag som medlem eller støttemedlem?
     Suldal O-lag ønskjer alle velkomne som medlem, eller støttemedlem i klubben vår. Kontakt gjerne oss i styret i Suldal O-lag om det.

    God postjakt med kart på skiturane under Gullingen vinteren 2024.

    Helsing Suldal O-lag